Arrangerer Utøya-leir for unge frå Norden og Ukraina

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Førti unge frå Finland, Sverige, Noreg, Danmark, Island og Færøyane skal delta på leiren saman med åtte ukrainske gjestar. Over fire dagar vert det arrangert workshopar der deltakarane vil få eit innblikk i nordisk samarbeid og arbeidet til UNR.

– Ein sommarleir ser vi som ei investering i vennskap, samhøyrsle og tillit. Vi er overtydde om at nordiske og ukrainske ungdommar kjem til å ha mykje å lære av kvarandre, og at viktige diskusjonar om menneskerettar, toleranse og mangfald vil stå i sentrum desse dagane på Utøya, seier Jorodd Asphjell, president for Nordisk Råd, i ei pressemelding på norden.org.

Støtte til ukrainske ungdommar

Ein workshop skal fokusere spesielt på krigen i Ukraina og korleis ein kan støtte unge ukrainske aktivistar.

– Vi kjem mellom anna til å diskutere korleis solidaritet med og støtte til ukrainske ungdommar skal bli halde i gang over tid, seier ukrainsk gjest, doktorgradsstudent ved det litauiske senteret for samfunnsvitskap og internasjonal sekretær for organisasjonen SD Platform, Dmytro Mamajev.

Lære av kvarandre

President i UNR, Rasmus Emborg, ser fram til å utveksle erfaringar, lære av kontekstane til kvarandre og bli inspirert av kvarandre, og meiner at å møtast vil styrke nordisk ungdomspolitikk.

– Håpet er at vi på sommarleiren kan kome fram til nokre konkrete anbefalingar som vi kan presentere både i Nordisk Råd og i våre respektive land. Saman kan vi sette ungdomspolitikk på den nordiske dagsordenen, seier han.


Norsk, svensk, islandsk, dansk og finsk flagg vaiar i vinden.

Det er heilt tydeleg at utviklinga av verdssamfunnet er meir mellomstatleg samarbeid, og at vi må arbeide saman for å kunne nå sams mål og vinne over sams utfordringar, skriv Dag Henrik Nygård. Illustrasjonsfoto: Colourbox