Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 15:12

Den gamle hesten av NoViolet Bulawayo er ein satire over Robert Mugabe – Zimbabwes president i nesten førti år – sin dramatiske avgang.

Dei ekte hendingane er lett tilslørte. NoViolet Bulawayo har satt handlinga til det fiktive landet Jidada. Og så er alle personane skildra som dyr. Presidenten er ein ufyseleg hest. Kona hans er eit minst like ufyseleg esel. Og elles er persongalleriet samansett av alle tenkjelege dyreartar – den dåverande presidenten i USA er passande nok ein bavian. 

Det litterære ambisjonsnivået er skyhøgt. Inspirasjonen frå George Orwell sin klassikar Animal Farm er openljos. Det er òg lett å trekkja linjer til forfattar som til dømes Ngũgĩ wa Thiong’o sine skildringar av autoritære regime.

NoViolet Bulawayo leikar altså saman med nokre av dei aller beste forfattarane – og samanlikninga med desse toler ho godt. Det er då heller ikkje rart at Den gamle hesten hamna på kortlista til Bookerprisen.

Idé: 5 Språk: 5 Samla terningkast: 5

Eit verktøy til å forstå meir av verda

Språket og komposisjonen Bulawayo har gjeve boka er absolutt framifrå. Det er temmeleg ulikt vanleg romanprosa.  

Til dømes kan einskilde uttrykk bli gjentekne ned over ei heil side eller to. Og ord på andre språk er heilt naturleg blanda inn. Det kan vera forvirrande, og ein treng tolmod og konsentrasjon for å koma seg gjennom teksten.

Likevel blir boka eit verktøy til å oppdaga litt meir av korleis verda heng saman. Med sitt skakke blikk brukar Bulawayo litteraturen som eit forstørrelsesglass på samfunnet. 

Mi einaste innvending mot boka er at ho er for lang. Valet av form og stil gjer at dei godt over fire hundre sidene blir altfor mange. Det er monotont. Og lenge før eg nærmar meg slutten på boka så har dei litterære grepa mista mykje av verknaden sin.

Bør bli ein litterær snakkis

Den gamle hesten fortener å bli ein litterær snakkis. 

Fleire av dei importerte forfattarskapane som har tatt Noreg med storm dei siste åra – til dømes Édouard Louis og  Ali Smith – har til felles at dei set ljos på delar av samfunnet, som når dei har blitt oppdaga, me ikkje kan slutta å snakka om. Den gamle hesten har potensial til å vera ei sånn bok.

I tillegg er ho ypparleg estetisk sett.

Men eg fryktar at denne romanen ikkje kjem til å nå igjennom. Boka krev mykje av lesaren – ho er ikkje ei lettlesen lefse, men ein tung murstein. God fantasi og førestillingsevne er òg naudsynt.

Eit lite råd til slutt: Det lønner seg å skumma nokre leksikonartikler om Mugabe og Zimbabwe før ein gjev seg i kast med Den sorte hesten. Og så treng ein heller ikkje å lesa heile boka for å få mykje ut av ho.

Poet Priya Bains. Foto: Baard Henriksen/Forlaget Oktober

Den gamle hesten

  • Forfattar: NoViolet Bulawayo
  • Omsetjar: Bente Klinge
  • Orginaltittel: Glory
  • Forlag: Kagge forlag