Warholm gler seg til Bislett-comeback: – Nesten som ein heim

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Warholm stiller som vanleg på 400 meter hekk under årets Bislett Games.

Løpet torsdag blir 27-åringens første i konkurranse denne sesongen. Dimna-utøvaren valde å stå over Diamond League-stemna i Doha, Rabat, Roma og Paris for å prioritere trening i den gitte perioden.

No er han likevel veldig klar for å starte utandørssesongen i den norske hovudstaden.

– Bislett er nesten som ein heim for meg. Å vere her og å kunne springe på heimebane er veldig spesielt. Eg har sakna det, og dette er eit av høgdepunkta kvart år, sa Warholm.

Warhol sit i en stol og ser på ein statue av seg sjølv..

Karsten Warholm har fått ein ministatue av seg sjølv. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Comeback

Ein lårskade gjorde at sunnmøringen gjekk glipp av friidrettsfesten på Bislett i fjor.

– Å ikkje få vere med i fjor var veldig tøft. Eg elskar å springe, så å kunne vere tilbake her er fantastisk, sa hekkeløparen.

27-åringen er verdsrekordhaldar på 400 meter hekk med 45,94 frå då han tok OL-gull i Tokyo i 2021.

Warholm har capsen bak fram og ser litt lurt i kamera

Karsten Warholm under pressekonferansen dagen før Bislett Games. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK.

Hemmeleg

På spørsmål om kva Warholm har gjort annleis denne sesongen for å auke nivået endå eit hakk, ønskte han ikkje å røpe nokon løyndommar.

– Det er veldig kompetitivt no, og alle blir skadde heile tida. Men for oss handlar det om å halde fram med det same. Eg trur vi har funne nøkkelen til å prestere og springe fort. Eg har ein god trenar som fann oppskrifta for fleire år sidan, og eg er berre heldig som kan dra nytte av det, sa Warholm.

Han sprang i mars inn til EM-gull på 400 meter flatt innandørs i Istanbul.


Golfforbundet og Tennisforbundet opplever størst medlemsvekst i absolutte tal. Illustrasjonsfoto: Nathan Nedley/Pexels.com