Barn og unge i Tromsø får gratis badeland

Framtida

Saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Dei får komme inn gratis på badelandet frå torsdag 8. juni til onsdag 14. juni, skriv NRK. Tilbodet gjeld for alle barn frå 0 til 16 år.

Politikarane bestemte dette på tysdag under barnas- og ungdommens kommunestyremøte. Grunnen til badeland-gåva, er at vêret har vore skikkeleg kaldt og vått i det siste.

– Vi håper dette kan hjelpe på sommarfølelsen hos barn og unge i heile Tromsø. God bading og god sommar! seier ordførar Gunnar Wilhelmsen i ei pressemelding.