Skal bore 10 000 meter djupt hol i Kina

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Tysdag 30. mai starta det største oljeselskapet i Kina boringa av et hol som skal bli over 10 000 meter djupt, melder nyheitsbyrået Xinhua. Holet skal gravast i Taklamakanørkenen i Xinjiang-regionen, nordvest i Kina.

Målet med boringa er (visstnok ikkje å kome til Noreg, men) å få tilgang til ultra-djupe oljereservar og å gi forskarar ny geologisk kunnskap, til dømes om seismisk aktivitet og risiko for naturkatastrofar. 

Det er forventa at prosjektet vil bli fullført på 457 dagar, som betyr at det skal vere ferdig i slutten av august 2024. I prosjektet skal det brukast utstyr som veg 2000 tonn for å bryte gjennom dei ulike laga i jorda.

Holet i Kina blir djupt, men ikkje det djupaste i verda. Den rekorden har Det superdjupe boreholet på Kolahalvøya, nordvest i Russland, berre 12 kilometer frå grensa til Noreg. Det er 12 262 meter djupt.


Les også: Kina: Endra Minions-slutt for å gjere han meir politisk korrekt

Stillbilete frå filmen Minions: Historia om Gru. Foto: © 2022 Universal Pictures. All Rights Reserverd.