Vekas viktigaste: Nato-møte, kronekrise og fornorskingsrapport

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Sannings- og forsoningskommisjonen leverte rapport om fornorsking

Opningstale ved kommisjonens leiar Dagfinn Høybråten. Foto: Peter Mydske/Stortinget, CC BY-NC-ND 2.0

Torsdag leverte Sannings- og forsoningskommisjonen ein rapport til Stortinget som syner at fornorskingspolitikken har fått alvorlege konsekvensar for minoritetar i Noreg.

Rapporten tar for seg konsekvensane fornorskingspolitikken har hatt for samar, kvener og skogfinnar. Meir enn 760 personar har fortalt om uretten dei har vore utsette for.

Dagfinn Høybråten, som har leia kommisjonen, seier at politikken om å fornorske minoritetar i stor grad nådde måla sine. I rapporten kjem det fram at språk forsvinn og kultur er blitt borte. Granskinga syner at fornorskinga har råka breiare og vore meir inngripande enn det som har vore kjent, og det har spesielt gått ut over barn og unge.

– Framleis opplever folk urett og negative verknader som har røtene sine i den lange historia med fornorskingspolitikk. No er det tid for eit oppgjer med uretten i nasjonen overfor samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar, seier Høybråten i ei pressemelding.

Kommisjonen føreslår mellom anna eit nasjonalt kompetansesenter og styrking av undervisning om samar, kvener og skogfinnar. Dei seier at det no er opp til Stortinget å ta grep.


Val i Tyrkia

Erdogan vinker med tyrkisk flagg i bakgrunnen.

Erdogan går inn i ein ny presidentperiode. Her helsar han til tilhengarane sine på valdagen. Foto: AP Photo/Ali Unal

Etter andre runde i det tyrkiske presidentvalet, er det klart at den sitjande presidenten Recep Tayyip Erdogan får fem nye år ved makta.

YSK, den øvste valmyndigheita i landet, har stadfesta at Erdogan gjekk sigrande ut av søndagens val med 52,14 prosent av stemmene.

Motkandidat og opposisjonspolitikar Kemal Kiliçdaroglu har uttalt at dette er det mest urettferdige valet i landet på fleire år. Tyrkiske medium skal ha meldt at Erdogan hadde vunne før alle stemmene var talde opp, noko professor i Tyrkia-studium Einar Wigen synest er problematisk, skriv NRK. Ein tyrkisk TV-kanal sensurete òg namnet og biletet på Kiliçdaroglu før andre valrunde.

Erdogan var Tyrkias statsminister mellom 2003 og 2014, og har sidan vore president.


Nato-møte i Noreg

Det såkalla familiebiletet med utanriksministrar, teke i Rådhuset under Natos uformelle møte i Oslo torsdag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Natos utanriksministrar møttest torsdag i Oslo. Det blir skildra som eit uformelt møte, det vil seie at det ikkje blir signert avtalar og dokument. Det var likevel eit viktig møte, sidan det var siste samling før det er Nato-toppmøte i Vilnius i Litauen i juli.

På agendaen stod særleg samtalar om Ukraina og ei framtidig innlemming av Sverige i forsvarsalliansen.

Etter at Russland invaderte Ukraina, søkte Finland og Sverige om å bli medlemmar av Nato. Finland er allereie tekne opp, men Tyrkia har så langt blokkert for at Sverige skal få bli med i alliansen. Nato-sjef Jens Stoltenberg seier at han kjem til å reise til Tyrkia i nær framtid for å snakke med presidenten der om Sverige, melder NRK. Noregs utanriksminister Anniken Huitfeldt seier at Sverige bør kome inn så raskt som mogleg, og helst før Nato-toppmøtet i juli.

I haust sende òg Ukraina ein søknad om å bli Nato-land. Under møtet i Oslo blei det diskutert korleis Ukraina kan kome nærmare Nato.

– Ingen veit når krigen endar, men vi må vite at når krigen sluttar, at vi har eit rammeverk på plass som hindrar at Russland angrip igjen, sa Stoltenberg etter møtet. Tidlegare på dagen understreka han at Ukrainas framtid er i Nato.


Rekordlåg kronekurs

Ein haug med 1-kroningar.

Foto: Norges Bank/Nils S. Aasheim

Den norske krona blir svakare og svakare. Tysdag ettermiddag kosta ein euro over 12 kroner. Den amerikanske dollaren er over 11 kroner og det britiske pundet over 13.

Til samanlikning var ein euro verd i underkant av 8 kroner og ein dollar i underkant av 6 kroner for ti år sidan.

E24 skriv at kronekursen berre éin gong tidlegare har vore svakare mot euro og dollar enn det han er no. Sist var i mars 2020, like etter at koronapandemien førte til økonomisk krise.

Den svake kronekursen gjer at det mellom anna er dyrare for nordmenn å vere på ferie i utlandet no.

Økonom Jan Ludvig Andreassen i Eika fortel til VG at det på ingen måte er gitt at dette er botnen for kronekursen.


Millionar i Sør-Korea fekk varsel om å evakuere

Ein TV-skjerm i Seoul syner eit bilete frå oppskytinga av den nordkoreanske satellitten. Foto: AP Photo/Ahn Young-joon)

Onsdag fekk innbyggjarane i Seoul i Sør-Korea eit varsel på mobilen om å førebu seg på å evakuere. Styresmaktene frykta at det var ein rakett på veg frå Nord-Korea.

Det viste seg i staden å vere ein overvakingssatellitt som Nord-Korea freista å skyte opp, men i staden for å ende opp i verdsrommet, krasja han utanfor vestkysten til Sør-Korea.

20 minutt etter den opphavelege meldinga om å evakuere, fekk sørkoreanarane ein ny beskjed frå innanriksdepartementet om at det var ein feil.

Også i Japan fekk innbyggjarar beskjed om å evakuere. Det japanske utanriksdepartementet opplyser at dei, USA og Sør-Korea fordømmer oppskytinga av satellitten, skriv NRK.

Kim Yo Jong, søstera til Nord-Koreas president, har lova at dei snart vil gjere eit nytt forsøk på å sende opp ein overvakingssatellitt. Ifølgje NTB skal satellitten bli brukt til å overvake det amerikanske militæret sine handlingar. 


✨Vekas lyspunkt✨: Første opent homofile president i Latvia

Latvias nye statsminister Edgars Rinkevics. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda, File

Edgars Rinkevics blir ny president i Latvia. Han har tidlegare vore utanriksminister i landet, og har no blitt valt som statsoverhovud av nasjonalforsamlinga.

I 2014 stod Rinkevics fram som homofil, som den første framståande politikaren i landet. The Washington Post skriv at han er den første opne homofile presidenten i EU.

– Eg vil gjere alt for at landet vårt skal vere trygt og ha framgang, seier den ferske presidenten ifølgje NTB.