Maud Angelica Behn donerer håret sitt til parykksenter
Førre veke klipte Maud Angelica Behn av seg det lange håret sitt. No har ho donert det bort slik at det kan bli laga parykk av det.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I ein TikTok-video tysdag ettermiddag seier Maud Angelica Behn at ho har donert håret ho klipte av førre veke, til Apollo Hårsenter, skriv VG.
@3_eyed_cat #Hårdonor Donated my hair to @Apollo Hårsenter Norge and @Gina ♬ original sound – Maud Angelica Behn
I videoen viser ho fram ein liten Ikea-pose med håret ho klipte av, som no er donert til hårsenteret.
Apollo Hårsenter lagar mellom anna parykkar og hårdelar til menneske som av ulike grunnar ikkje har hår.
20-åringen tilrår også andre til å vurdere å donere bort hår til menneske som sjølv ikkje har det.