Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

Eg hugsar eg var veldig spent på korleis eg skulle klara å etablera meg og få økonomi til å flytte heimanfrå og så vidare. Det var mange tankar som svirra rundt, men for all del, eg koste meg max, som eg framleis driv med. 

Ung mann i skidress med ski

Tom Stiansen var på landslaget i alpint og trente mykje som 20-åring. Foto: Privat

Tom Stiansen (52) har heilt sidan 2006 vore å sjå på norske TV-skjermar som programleiar for det populære reality-konseptet 71° nord.

Nyleg vart han nominert til Gullruten i kategorien beste programleiar, reality og livsstil, for innsatsen i 71° nord – Team.

Finn Aamodt si rolle

I 1990, året han fylte 20, var Tom Stiansen allereie på landslaget i alpint saman med fleire av klassekameratane sine frå NTG Bærum.

Det betyr at kvardagen gjekk med til ski og trening, trening, trening.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt, og kvifor?

– Det var vel faktisk Finn Aamodt (trenaren vår) han var veldig viktig dei åra. Alt dreidde seg om å bli god på ski den gongen.

Stiansen har aldri vore nokon lesehest, men såg litt på MTV og høyrde på det som var populært på den tida, som Michael Jackson, Madonna, U2, George Michael og så vidare.

Ung mann i bar overkropp

Tom Stiansen fotografert som 20-åring. Foto: Privat

Cocky, men hyggeleg

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Tja sei det du … Kanskje eg hadde tenkt at han der var litt cocky? Men samstundes ein hyggeleg fyr som ikkje gjev seg så lett, skriv Stiansen i e-posten til Framtida.no.

20-årsdagen vart difor feira på skisamling med landslaget i Chile, og det største minnet er han heller ikkje i tvil om:

– At eg fekk starta i eit World Cup renn, det var stort.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda? 

– Nelson Mandela slapp ut av fengsel etter 27 år. Pretty Woman med Julia Roberts var filmen alle snakka om. Den forferdelege brannen på Scandinavian Star skjedde vel også det året eg blei 20.

Grip sjansane!

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg har aldri visst kva eg skulle bli, veit framleis ikkje kva eg skal bli når eg blir stor … Veit ikkje når eg blir stor ein gong. Det einaste eg veit er at eg alltid har gjort så godt eg har kunna der eg har vore til ei kvar tid. Ikkje noko unnasluntring, gjer ting ordentleg.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ver bevisst på dei sjansane du får, og utnytt dei til det maksimale.


Les også: Då eg var 20: Kjetil André Aamodt gjorde comeback etter ti veker på sjukehus

Her jublar Kjetil André Aamodt (20) etter å ha teke gull i storslalom i OL i Albertville 1992. Året før var han innlagd på sjukehus med kyssesjuka. Foto: FOTO: TOR RICHARDSEN / NTB og Per Heimly Nordisk Film TV/NRK