Meinte karikatur av «Den lille havfrue» var ulovleg – dansk høgsterett er ueinig

Åshild Slåen
Publisert

Den ikoniske statuen «Den lille havfrue» er sterkt knytt til den danske hovudstaden.

Men er ein av København sine mest avbilda innbyggjarar lovleg å karikere?

Ja, slo dansk høgsterett fast i førre veke.

Stor erstatning

Det var Journalisten som omtalte saka fyrst i norske medium.

Den danske avisa Berlingske vart i fjor dømt til å betale ei erstatning på 300 000 danske kroner. Det skulle gå til etterkommarane av bilethoggar Edvard Eriksen (1876–1959), som står bak statuen.

Dommen kom som følgje av at avisa hadde publisert fleire karikaturar av statuen, der ho blant anna hadde munnbind og zombieandlet.

– Det er viktig

Avisa tok dommen til høgsterett, som no har slått fast at avisa ikkje har brote med opphavsretten. Høgsterett seier at ein etter dansk og nordisk prinsipp kan parodiere sjølvstendige verk.

Dommen understrekar også at parodiar i seg sjølv kan reknast som sjølvstendige verk.

– Det er viktig, for elles hadde det vore ei de facto-avgrensing av vår fridom som medium, og det ville vore eit stort problem, seier Berlingske sin sjefredaktør Tom Jensen til danske Journalisten.

Familien til Eriksen har lenge sendt krav om erstatning til danske medium for bruk av bilete av statuen i andre samanhengar enn nyheitssaker som er direkte knytte til havfrua, og danske medium har blitt forsiktige med å bruke bilete av ho til og med i saker om skulpturen, skriv avisa.


Foto: Fri bruk (Creative Commons – Attribution CC-BY) / privat / kollasj Framtida.no