Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2023 09:05

Skrivekonkurransen «Heim» er eit samarbeid mellom Framtida.no, Magasinett, barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, Moster 2024, Kapabel Forlag og Barnebokkritikk.no. Dette bidraget vann førsteplassen i kategorien «dikt».

Heime

der vindpølsa flagrar

og snøen aldri legg seg

 

*

 

Eg ser det i augo deira

forventninga

om at eg kanskje ein dag

skal svare:

«ja

SJØLVSAGT

vil eg flytte heim!»

 

Eg har byta ut markjo med marka

bil mot trikk

stilla mot støyen

 

«Ein dag vil ho vel heim»

tenkjer dei

«Ein dag vil ho ha born

og mann og hund

og katt og nabo

og hus og hamster

og då vil ho vel ikkje

ha det

I BYEN

vel?»

 

Ikkje veit eg

 

*

 

Eg elskar trikkeførarane

som helsar på kvarandre

sjølv om dei

ikkje må

 

*

 

Søndagsmiddag hos mormor

med ihelkokte poteter

og ein tom stol

ståande

ved middagsbordet

 

*

 

Eg sit i baksetet i bilen til bestefar

syster mi har allereie kapra framsetet

eg lar ho få sitje der

sjølv om ho er yngre enn meg

 

Det er litt fint, og

å sitje i baksetet

som om eg er viktig

som om eg har råd til privatsjåfør

 

Me køyrer forbi puben i sentrum

På skiltet utanfor er apostrofen plassert feil

pubén

som ei slags franskifisering

 

Eg har ein teori

om at alle små stader har ein pub i sentrum

som berre heiter «puben»

 

så langt har teorien min

vist seg å stemme

 

*

 

Eg står utanfor lesesalen

klemmer kaviar nøye

utover knekkebrødet

står bøygd framover når eg et

slik at smulane drysser på bakken

 

*

 

« … du veit svigerinna te Knutn, hu som er tanto til Oddvar

og Marto – som bur oppe i svingen ved bensinstasjonen

bak vatnet, der attmed Leifen og kona veit du – ja, dei har

jo ei dotter som har hamna utpå, dei, det var noko narkotika

og slikt, ja sørgjelege greier, ho hamna visst i fengsel for

noko her for litt sidan, jaja, nei sånn går det med sånne ting

– ja hadde forresten ikkje naboen til naboen til naboen til

Magda, ja hu med auga, mannen hennar hadde fått slag, ja

nei det er ikkje lett hadde eg så nær sagt, så det, jaja,

høyrde du forresten om Kåre-Johnny på Kiwien, han hadde

visst drive på med ho polske som jobbar i kommunen og …»

 

*

 

I går var eg på eit toalett

på eit kjøpesenter i sentrum

 

på golvet under doen

fann eg plastemballasje

som høyrde til

ein graviditetstest

 

kor enn du er der ute

så håpar eg svaret

var det du håpa på

 

*

 

Pappa ringer

Eg er brisen

og han seier

at bestefarfarfåttkreft

menuansettvilduha

konsertbillettanemine?

Og eg veit ikkje heilt kva eg skal seie

 

*

 

Byfolk utan bil

dei lever på trikken

grin, ler og søv på trikken

høyrer på musikk på trikken

skrur av hovudtelefonane

for å høyre på andre sine samtalar

på trikken

 

*

 

Nokre dagar

når det bles

og paraplyen ikkje nyttar

så kjenner eg meg

nett som

heime


Emma Rolfsnes Sele (25) er vinnaren av sjangeren dikt i årets skrivekonkurranse.