Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

Fleire av oss har opplevd å miste ein av våre næraste, og er det ein ting som er sikkert så er det at vi alle på eit eller anna tidspunkt skal døy. Likevel er det truleg mange som veit veldig lite om kva som skjer med kroppen når vi døyr. Vi kjenner til gravferda, vi kjenner til kremering og gravstøtter, men kva med det andre?

Kva med tida mellom dødstidspunkt og jordfesting?

Bokomslaget til boka «Post Mortem» av Tor-Håkon Gabriel Håvardsen. Foto: Bonnier Forlag

– Viss eg dett og bryt nakken etter dette intervjuet håpar eg du vil ringe kona mi og fortelje at vi hadde ein fin samtale og at eg er ein hyggeleg fyr, seier Tor-Håkon Gabriel Håvardsen til Nynorsk pressekontor over telefon frå Vesterålen der han er gravferdsagent.

Han er no aktuell med boka «Post Mortem» – som betyr etter døden – der han deler små og store opplevingar frå livet i gravferdsyrket.

Frå punkrock til gravferd

Håvardsen har jobba som gravferdsagent i 16 år. Frå å vere punkrockar som turnerte Europa rundt blei det eit personleg møte med døden som opna døra til gravferdsbransjen.

– Eg hadde ein kamerat som døydde då vi var 18 år. Familien inviterte oss med på syning – noko som er ei veldig privat affære i Noreg. Familien ville ha dei næraste vennene med for at vi også skulle kunne akseptere dødsfallet. Eg syntest det var veldig vanskeleg å gå inn i det rommet, men ein svartkledd mann med varmt smil inst i lokalet var veldig støttande og følgde meg inn. Då eg kom heim frå den syninga lurte eg veldig på kven han var. Eit par dagar seinare kom gravferda og der var han igjen – også no med eit varmt smil. Denne mannen viste seg å vere gravferdsagenten, fortel Håvardsen.

Han ringde til den svartkledde mannen og spurde om å få jobb.

– Først og fremst lurte han på om eg var galen, seier Håvardsen og ler.

Men eg var bestemt på at eg ville prøve. Han lærte meg opp, og hjelpte meg etter kvart med å få jobb i Noregs eldste gravferdsbyrå i Oslo, Norstrand begravelsesbyrå. Det er kort fortalt vegen inn.

Det positive veg opp for det negative

Mange år på jobb i eit gravferdsbyrå set sine spor – både på godt og vondt. I boka si fortel Håvardsen opent om søvnløyse, angst og korleis sterke inntrykk påverkar kvardagslivet.

Tor-Håkon Gabriel Håvardsen er aktuell med boka «Post Mortem», som handlar om livet som gravferdsagent. Foto: Magne Risnes

– Eg bestemt meg for å vere heilt ærleg og fortelje at eg har angst, og at eg har ein usunn måte å takle det på, seier Håvardsen og refererer mellom anna til at han har blitt hønemor for ungane sine.

– Dei har fått ein skikkeleg avgrensa oppvekst. Det er mykje dei ikkje får lov til, fortel Håvardsen.

Det var også eitt av borna som gjorde at han første gong forstod at jobben hadde sett preg på tilværet hans.

– Då kona mi skulle føde den første sonen vår for ni år sidan var døde barn mi einaste erfaring frå ei fødeavdeling. Etter fødselen blei eg sittande å sjå ned på ungen i senga og berre vente på at han skulle slutte å puste. For eg var ikkje vand med å sjå spedbarn i live. Allereie då innsåg eg at det er noko ved jobben min som frårøvar meg glede. Angsten var til å ta å føle på.

I tillegg har Håvardsen blitt livredd for å reise med fly.

– Eg har fått frykt for ein del ting, konkluderer gravferdsagenten.

Trass i alt dette gjer dei positive sidene ved yrket at han håpar å halde fram som gravferdsagent til han blir pensjonist.

– I møte med menneske som opplever botnlaus sorg kan det vere vanskeleg å vite kva godt ein kan gjere for dei. Viss ein då likevel føler at ein kan klare å hjelpe dei på ein eller annan måte så blir det verdt det.

På rettstryggleiken laus

Eit anna sentralt tema i boka er korleis rettstryggleiken til dei døde blir vareteken her i landet. Håvardsen fortel mellom anna om at ein samla gravferdsbransje i 2020 sende eit brev til justiskomiteen på Stortinget om at noko måtte gjerast.

Gravferdsagent Tor-Håkon Gabriel Håvardsen vil ha betre rettstryggleik for døde. Foto: Magne Risnes

– Alle dødsfall skal takast på fullt alvor og eg meiner vi har fleire problem knytt til dette i Noreg i dag. Det eine er at politifolk som aldri før har sett døde menneske ofte er dei første på ein åstad. Det andre er at det kan ta opp til fire, fem dagar før ein person blir erklært død, seier Håvardsen.

Han viser til at nokre rettsmedisinarar i eit intervju har konkludert med at det sannsynlegvis er to uoppdaga drap i Noreg kvart einaste år.

– Det er veldig få rettslege obduksjonar i Noreg, seier gravferdsagenten.

Han håpar no boka kan vere med å få diskusjonen rundt dette opp på dagsordenen.

– Eg prøver å belyse eit par små problem litt forsiktig. Det er klart at alle system kan forbetrast. Der det jobbar menneske kan det skje feil.

TikTok-spørsmål om gravferder

– I møte med menneske som opplever botnlaus sorg kan det vere vanskeleg å vite kva godt ein kan gjere for dei, seier Tor-Håkon Gabriel Håvardsen. Foto: Magne Risnes

I tillegg til å jobbe som gravferdsagent og forfattar er Tor-Håkon Gabriel Håvardsen også ein populær TikTok-brukar. I skrivande stund har han over 70.000 følgjarar på plattforma.

– No har eg halde på med TikTok i over eitt år og får inntil 90 spørsmål i veka. Det er veldig mykje ansvar – spesielt med tanke på at brukarane der er veldig unge. Eg prøver å vere mest mogleg ærleg og forklare korleis ting heng saman, men må heile tida ha i tankane at dei som ser innhaldet er heilt ned i 12 årsalderen. Det har blitt eit veldig trygt og godt forum der brukarane trøystar kvarandre og støttar kvarandre i opplevingar dei har hatt med dødsfall.

Med så mykje på timeplanen er Tor-Håkon Gabriel Håvardsen prisgitt gode folk rundt seg.

– Jobbane flyt over i kvarandre og inn i fritida. Heldigvis har eg ei veldig tolmodig kone. Grunnen til at eg gjer så mykje er jo at eg er klar over at ein dag vil alt stoppe opp. Så eg veit at eg må bruke tida godt medan eg har ho, avsluttar han.


Kristian Kirkeland vart gravferdskonsulent, medan han samla tankane etter ein trøblete vidaregåandeperiode. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no