Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

Fyrst må det presiserast: det er skilnad på kva som er bestemt i flagglova, og kva som er folkeskikk som du lærar som barn når du skal gå i tog. Politiet kjem ikkje til å arrestere deg dersom du let handflagget subbe i bakken.

Det er faktisk ingen lover rundt korleis ein privatperson brukar flagg i Noreg.

Flagglova gjeld spesifikt for offentlege flaggstenger, til dømes dei knytt til kommunehus, Stortinget og andre offentlege bygg.

Likevel er det mange som likar å følgje reglane og skikkane rundt flagget. Her er difor ei oversikt til flaggdagen:

Generell skikk og bruk

Du får ingen bøter som privatperson dersom du ikkje brukar flagget «rett», men det er nokre ting ein kan tenke på når ein skal dra fram flagget frå skapet. Her frå Noregs speidarforbund:

  • Ein skal behandle flagget med respekt.
  • Eit flagg skal aldri røre ved bakken.
  • Privatpersonar skal flagge med handelsflagget (det vanlege rektangulære flagget), medan staten skal flagge med statsflagget som har splitt og tunge (flagget med tre taggar på enden).
  • Ved flaggheising skal ein ikkje heise to flagg på same flaggstong.
  • Dersom eit flagg brukast til dekorasjon, skal det henge fritt, og ikkje spikrast eller kunne tråkkast på.
  • Eit øydelagt eller slite flagg skal enten brennast eller sprettast opp slik at fargene skiljast frå kvarandre.

Og for deg som vil ut med linjalen og sjekke om du har det rette utstyret:

Diagram over to flagg, det eine er eit rektangel, det andre eit kvadrat men med tre tagger lagt til på slutten.

Proporsjonar for det norske flagget, med handelsflagget fyrst og statsflagget etterpå. Foto Store Norske Leksikon, CC BY NC 4.0

  • Flagget si lengde skal vere 1/3 av lengda av flaggstonga når stonga står på bakken.
  • Flagg som står vassrett, eller frå bygning (som balkongflagg) skal vere 1/2 av lengda av stonga si lengde.
  • Proporsjonane til flagget: Breidde: 6-1-2-1-12 med høvesvis raud, kvit, blå, kvit, raud farge. Høgde: 6-1-2-1-6 med høvesvis raud, kvit, blå, kvit og raud farge.
  • Fargane til flagget skal vere norsk raud (pantone 200) og norsk blå (pantone 281).

Når skal eg ta flagget opp og ned?

Norsk vimpel på flaggstong..

Vimpelflagg. Foto: Vebjørn E, CC0, via Wikimedia Commons

Det kjem an på tida på året og kvar du bur i landet.

  • Frå mars til og med oktober skal flagget opp klokka 8 om morgonen.
  • Frå november til og med februar skal det opp klokka 9 om morgonen.
  • Flagget skal ned ved solnedgang, seinast klokka 21 dersom sola går ned etter det.

Men kva med mørketida, spør du kanskje?

I Nordland, Troms og Finnmark er det eigne reglar. Frå november til og med februar skal flagget opp klokka 10 og ned klokka 15.

Dersom du vil ha eit flagg oppe heile tida kan du bruke ein vimpel, altså eit flagg som er forma som ein lang trekant.

Når skal eg flagge?

Det er mange forskjellige dagar det er fint å flagge, både på offisielle flaggdagar og på meir private feiringar. Dei offisielle flaggdagane i Noreg står i faktaboksen:

I tillegg kjem dei andre dagane vi likar å heise flagget. Du bestemmer sjølv kva du vil feire, men mange likar å flagge ved:

  • Dåp
  • Konfirmasjon
  • Bryllaup
  • Store festar

(Så ja, du kan fint heise det norske flagget når Noreg spelar mot Sverige.)

Flagging på halv stong ved dødsfall

Dersom det er ei gravferd eller nokon har døydd, er det vanleg å flagge på halv stong, dersom du har ei flaggstong. Dette skal gjerast på ein spesiell måte.

Når flagget skal opp, heisast det heilt til topps, før det blir heisa ned ein tredjedel av lengda til stonga. Det flaggast med andre ord ikkje nøyaktig på «halv stong».

Når flagget skal ned, til dømes etter gravferda, skal det først heisast heilt opp, før det går ned att.

Kva flagg kan eg bruke?

Igjen, det er ingen formelle lover og reglar rundt kva flagg du brukar som privatperson. Du kan flagge med akkurat det flagget du vil.

Om det er eit regnbogeflagg, fotballflagg eller eit utanlandsk flagg, er det ingen som kjem til å bøtelegge deg.

Kva med handflagget eg brukar i tog?

Vi viftar gjerne med eit handflagg og ropar «Hurra!» på 17. mai, og kvart år blir det debatt rundt kva flagg som får vere med i toget.

Enten det er barnetog, russetog eller eit borgartog, har arrangøren av toget ofte presisert kva flagg dei synest er greitt å bruke i toget. Det er ingen overordna regel, dette varierer frå stad til stad.

Du kan likevel som privatperson gå rundt i gatene og vifte med det flagget du vil.

Kva flagg kan offentlege bygningar bruke?

Stortingspresident Masud Gharahkhani på stortingsbalkongen 17. mai 2022. Foto: Morten Brakestad/Stortinget

Offentlege norske bygningar brukar som hovudregel det norske flagget på offisielle flaggdagar. I tillegg kan dei bruke det samiske flagget, og forskjellige kommunar og fylkeskommunar kan bruke kommune- og fylkesflagg på flaggstengene sine.

Ved spesielle tilfelle kan det brukast flagg frå andre land på offentlege flaggstenger. Hovudregelen er då at det framande flagget ikkje skal vere meir framståande enn det norske flagget.

Det er også opning for å flagge med andre flagg på dei offisielle flaggstengene dersom det er i samband med arrangement og markeringar som er av allmenn interesse. Arrangementet treng ikkje å vere knytt til dei spesifikke bygga for å kunne flagge med eit anna flagg.

Det tyder at det er ope for ein kommune å til dømes heise regnbogeflagg under pride, kvensk flagg ved kvenfolkets dag og FN-flagget på FN-dagen dersom politikarane vedtek det.


Foto: Emma Rahmani/baseimage via Canva

Offisielle flaggdagar

  • 1. nyttårsdag (1. januar)
  • Bursdagen til prinsesse Ingrid Alexandra (21. januar)
  • Samefolkets dag (6. februar)
  • Bursdagen til kong Harald (21. februar)
  • 1. påskedag (er på forskjellige datoar, men på 9. april i 2023 og 31. mars i 2024)
  • Arbeidaranes internasjonale kampdag (1. mai)
  • Frigjeringsdagen 1945 (8. mai)
  • Nasjonaldagen (17. mai)
  • 1. pinsedag (er på forskjellige datoar med på 28. mai i 2023 og 19. mai i 2024)
  • Unionsoppløysinga 1905 (7. juni)
  • Bursdagen til dronning Sonja (4. juli)
  • Bursdagen til kronprins Haakon (20. juli)
  • Olsokdagen då Slaget ved Stiklestad skjedde (29. juli)
  • Bursdagen til kronprinsesse Mette-Marit (19. august)
  • Dagen for stortingsval (er på forskjellige datoar, men er ein måndag i september)
  • Utanriksdepartementet tilrår også flagging ved lokalval
  • 1. juledag (25. desember)

Kjelde: regjeringen.no

Det er også vedteke offisielle samiske flaggdagar, dersom du er interessert i flagge då.