Forfattar Erik Meling Sele (35) ser føre seg Arthur Berning i hovudrolla om romanen Kronprinsens nye klær skulle filmatiserast.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei god bok triggar eit spekter av kjensler. Ho trollbind oss, byr vekselvis på undring og attkjenning, og ved enda lesing fornemmar ein innsikt, utan at ein heilt greier å identifisera ho. Dimed blir ein gåande og grubla over kva som eigentleg hende, og kvifor.

Erik Meling Sele (35) jobbar til dagleg som prosjektleiar i Stavanger kommune og skriv på fritida.

Kronprins Arthur

Forfattaren og sivilingeniøren debuterte med novellesamlinga Likkisten på Juritzen forlag allereie i 2011.

I desse dagar lanserer han sin fjerde roman på Stavanger-forlaget Wigestrand Forlag. Romanen Kronprinsens nye klær handlar om den lite likande kronprins Eirik og hans kamp for monarkiet.

Skulle han sett føre seg ei filmatisering av romanen ville det vore med «skruen» Arthur Berning i hovudrolla.

Sjølv om han neppe meistrar Oslodialekta, skriv Sele i e-posten til Framtida.no.

Arthur Berning spelte mange av rollene i kritikarroste «Thomas mot Thomas». Foto: Maipo Film / Nordisk Film Distribusjon

Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren, som sjølv reknar seg fram til at han no berre les kring seks bøker årleg.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt? 

Outer Dark av Cormac McCarthy. Som tobarnsfar går det litt i treigt med lesinga, men sommarferien er heldigvis rett rundt hjørnet.

Aller helst les han i godstolen, men endar fort opp med ei lydbok på vaskerommet.

– Kva bøker vart lesne til deg som liten? 

– Dei eg hugsar best er Løven, heksa og klesskapet – lest av frøken – og Heksene, lese av mi mor. Begge er meisterlege, og eg ser fram til å lesa dei for eigne barn.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra? 

– Sannsynlegvis Beatles av Lars Saabye Christensen. Der fekk eg litt å tygga på i etterkant.

Desse bøkene fekk Erik Meling Sele til å grine, le, verta sint og tenkja.

Ingen som Elling

Aller helst les Sele «romanar med ein skvett humor» og om han skulle lese ein forfattar resten av livet måtte det vore Ingvar Ambjørnsen.

Ingen kan skriva som han, meiner Sele.

Han tykkjer Elling-karakteren er beint fram genial, og skulle gjerne sett at han sjølv hadde ført i pennen Elling-romanen Utsikt til paradiset.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

Doppler (i Erlend Loe sin Doppler). Innimellom kan det bli litt klamt å vera samfunnsborgar.

Roald Dahl. Foto: Carl Van Vechten, 1954/Library of Congress/Falle i det fri

Middag med Roald Dahl

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag? 

Eg trur det må bli Roald Dahl – både fordi eg likar barnebøkene hans, og fordi det var krimnovellene hans som lokka meg inn i skrivinga. Dessutan trur eg han var ein gøyal type.


Illustratør Kjersti Synneva Moen (27) er aktuell med den grafiske romanen Grip den føkkings dagen: illustrasjon: Kjersti Synneva Moen. Foto: Agnethe Brun/Aschehoug.

Erik Meling Sele

  • Alder: 35
  • Frå: Stavanger
  • Utdanning: Sivilingeniør
  • Yrke: Prosjektleiar
  • Tal på bøker lese årleg: Lat oss seia rundt 6 bøker i året.