Noreg rasar ned fem plassar på regnbogerangering – lågast i Norden

Konverteringsterapi, helsetilbod for transpersonar og terroråtaket er nokre av grunnane som blir peika ut.

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år går Noreg frå ein 4. til 9.-plass i den europeiske rangeringa over likestilling for LHBTI-personar som Rainbow Europe publiserer på vegner av paraplyorganisasjonen ILGA Europe.

Kvart år kjem dei med ei oversikt over korleis det står til med LHBTI-personar i forskjellige land i Europa som ein del av regnbogekartet sitt.

Med den nye plasseringa er Noreg lågast i Norden, med Danmark på 2., Island på 5., Finland på 6. og Sverige på 8.-plass.

Terroråtak og potensial for betring

– Dette er eit dramatisk fall for eit land som ønsker å ligge i front når det gjeld skeive rettar, seier Inge Alexander Gjestvang, leiar i Fri, i eit innlegg på Instagram frå foreininga.

I oversikta blir det peikt på fleire måtar Noreg kan betre seg på rangeringa.

Hovudpunkta er:

  • Kome med eit lovforbod på såkalla «konverteringsterapi».
  • Utarbeide eit juridisk rammeverk som inkluderer ein ikkje-binær eller tredje kjønnskategori.
  • Sikre tilgang til eit desentralisert helsetilbod spesifikt for personar som er trans og intersex.

Terroråtaket i juni i fjor, og dei følgjande oppmodingane om å avlyse Pride-arrangement blir også eksplisitt nemnd i rapporten over fjoråret. Det er ein av grunnane til at Noreg får ein lågare score.

Malta på topp og Aserbajdsjan på botn

Oversikta vekter sju forskjellige kategoriar og gir land ein score ut frå kor godt dei gjer det i kvar kategori. Noreg fekk ein score på 67 prosent.

Ifølgje den nye lista ligg Malta (89 %), Belgia (76 %) og Danmark (75 %) på toppen. Aserbajdsjan (2 %), Tyrkia (4 %) og Armenia (8 %) ligg på botnen.


Prideparade

Rundt 2000 personar deltok i regnbogeparaden under Bygdepride i Ørsta og Volda i fjor. I år håpar arrangørane på at endå fleire studentar har lyst til å vera med. Foto: Martin Giskegjerde

Rangeringa

  1. Malta
  2. Belgia
  3. Danmark
  4. Spania
  5. Island
  6. Finland
  7. Luxembourg
  8. Sverige
  9. Noreg
  10. Frankrike
  11. Portugal
  12. Montenegro
  13. Hellas
  14. Nederland
  15. Tyskland
  16. Irland
  17. Storbritannia
  18. Kroatia
  19. Austerrike
  20. Sveits
  21. Slovenia
  22. Bosnia-Hercegovina
  23. Moldova
  24. Andorra
  25. Estland
  26. Serbia
  27. Kosovo*
  28. Albania
  29. Kypros
  30. Slovakia
  31. Ungarn
  32. Nord-Makedonia
  33. Tsjekkia
  34. Italia
  35. Georgia
  36. Litauen
  37. Latvia
  38. Liechtenstein
  39. Ukraina
  40. Bulgaria
  41. Romania
  42. Polen
  43. San Marino
  44. Monaco
  45. Belarus
  46. Russland
  47. Armenia
  48. Turkey
  49. Aserbajdsjan

*per Tryggingsrådet til FN sin resolusjon 1244/99