Lidl fjernar tobakk i Danmark – andre butikkar kan følgje etter

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Lidl har varsla at dei innan utgangen av 2028 kjem til å fjerne all tobakk frå dei 139 butikkane sine i Danmark. Allereie i sommar fjernar Lidl 20 prosent av sigarettane frå hyllene.

Direktør Dorte Wimmer i Retail Institute Scandinavia seier at fleire kjem til å gjere det same.

– Vi har sett dei siste åra at så fort éin supermarknadkjede har gått føre med markante haldningar, som å fjerne buregg eller om haldningar til matsvinn, så kopierer dei andre det lynraskt, seier ho.


Det langsiktige målet til norske styresmakter er eit tobakksfritt samfunn. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK