Pelé får plass i ordboka som «noko utanom det vanlege»

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

Fotballikonet Pelé gjekk bort 29. desember i fjor, 82 år gammal. No blir det teke grep for å halde på arven til mannen som var med å vinne fotball-VM for Brasil i 1958, 1962 og 1970.

Førre veke skreiv nyheitsbyrået Reuters at «Pelé» no er eit ord som blir definert som «noko utanom det vanlege», ettersom det er bestemt at Pelé blir inkludert som eit nytt adjektiv i Michaelis-ordboka.

Dette er ei ordbok over det portugisiske språket i Brasil.

Ordet «Pelé» skal no beskrive noko som er eksepsjonelt, utan sidestykke og unikt. Eksempel på ting ein no kan seie: «Han er medisinens Pelé», «ho er golfens Pelé» eller «ho er tennisens Pelé».

Nettside til ordbok, med søkeordet «Pelé».

«Pelé» står no i ordboka Michaelis. Skjermdump.

Det var ein underskriftskampanje starta av Pelé Foundation som no har ført til at Pelé er blitt eit adjektiv. Til slutt nådde kampanjen over 120 000 underskrifter.

Allereie no er «Pelé» med i den digitale utgåva av Michaelis-ordboka. Definisjonen Pelé vil også vere inkludert i den neste skriftlege versjonen som blir trykt.


Fotballspelar jublar med armane i vêret.

Erling Braut Haaland feirar sitt 35. ligamål for sesongen. Foto: Martin Rickett/PA via AP