Mehl ber russen passe på kvarandre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Seks personar har status som fornærma etter å ha vorte innlagt på sjukehus med sterke smerter, pusteproblem og hallusinasjonar. Dei seks er truleg forgifta, men det er uklart kva dei har fått i seg og korleis.

– Det gjer inntrykk at det er så mange som er ute for å ha det gøy og feire avslutninga på mange års skulegang endar opp med å bli innlagd på sjukehus med det som ser ut til å vere forgifting. Mine tankar går til dei og deira næraste, seier Mehl til TV 2.

Ho ber russen ta vare på kvarandre.

– Eg oppmodar russen til å vere gode rollemodellar, ikkje la rus ta over feiringa og passe på kvarandre. Det er viktig at det skal vere ei trygg tid for alle å vere med på, seier Mehl.

Ungdomspartia som russekort

Kollasj av framtida.no. Kreditering av bilete nedover i saka.