Sjamanistisk konfirmasjon – med naturen i sentrum

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Charita er 16 år, og for to år sidan konfirmerte ho seg sjamanistisk. For ho var sjamanisme det einaste som kjendest rett.

– Sjamanisme ligg i familien min, så sjamanisme var det som verka mest interessant for meg, fortel Charita.

Respekt for naturen

Mange av grunnverdiane i sjamanismen handlar om respekt. Respekt for naturen, for dyra og for kvarandre. Desse tema var viktige i konfirmasjonsundervisninga som Charita fekk.

– Me lærte at alt i naturen har ei sjel, så me må visa omtanke for alt og alle som lev på jorda, fortel Charita.

Charita reiste på konfirmasjonsleir til Valdres. Der brukte dei mykje tid på å tenka, diskutera og kjenna på korleis det var å vera i eitt med naturen.

– Ein kveld fekk me gå ut på eiga hand. Me skulle vandra rundt i naturen og finna ein plass der me fekk tenka godt gjennom kvifor me valde sjamanisme og mange andre store spørsmål, fortel ho.

På leiren fekk dei òg mogelegheit til å laga sin eigen sjamanstav.

– For å laga ein stav må du gå rundt og leita til du finn ein pinne som på ein måte veljar deg. Så kan du pynta den med fjør, kanskje spikka den litt. Den må passa til deg, seier Charita.

TRADISJONELT: Charita saman med ei tradisjonell tromme som mor brukte under konfirmasjonen. Foto: Privat

Flammar og himmelretningar

Seremonien til Charita føregjekk utandørs, slik mange sjamanistiske konfirmasjonar gjer. Familie og vener samla seg på eit tun i sirkel rundt eit lys. Eigentleg skulle lyset ha vore eit bål, men det var bålforbod då konfirmasjonen hendte.

– Flammen er symbol på reinsking og forvandling, ein skal kasta alt ein ikkje vil ha med seg vidare på bålet for å frigjera seg til neste del av livet, fortel Maija som er mor til Charita.

I sjamanistiske konfirmasjonar er det konfirmanten som tek styringa. Under feiringa si gjekk Charita rundt alle gjestene og reinska energien med krydderet salvie.

I sjamanismen ønskjer dei himmelretningane nord, sør, aust og vest velkomne for å opna det spirituelle rommet. Då skal energien flyta betre.

Etter opninga fekk konfirmanten halda tale og så lukka ho seremonien ved å takka himmelretningane.


Jødisk gut les frå toraen

Jødiske gutar kan ha Bar Mitzva-seremoni etter dei har blitt 13 år. Foto: Yonatan Sindel / Det israelske departementet for turisme