Musikkdagboka: Ingvild Flottorp synest nordmenn førehandsdømer country

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Å vere ein artist som kan plasserast innanfor sjangeren country er vel for mange sett på som guilty pleasure nok i seg sjølv.

Det svarar Ingvild Flottorp på spørsmål om kva som er hennar guilty pleasure-musikk.

24-åringen er i dag ein av dei nominerte i kategorien country under Spellemannprisen. Ho er nominert for albumet «I Just Wanna Know It All», som kom ut i november.

– Det eg likar, synest jo eg er bra

Artisten frå Åmli meiner sjangeren i Noreg ofte blir førehandsdømd, med lite kunnskap om sjangeren si breidde. Det har vore med på å gjere det vanskeleg å seie at ein speler «country».

– For meg personleg er det ikkje det. Eg veit kor brei og rik sjangeren er på uttrykk. Men kva for oppfatting andre har, gjer at «country» kanskje ikkje alltid strekker til som omgrep for å forklare musikken.

Ingvild Flottorp er i gang med eit nytt prosjekt som ho gler seg masse til å vise når den tid kjem. Foto: Lotte Tangen

Ho peikar på at alle har ulik smak, og at få er i stand til å bedømme objektivt kva som er bra og dårleg smak.

– Det eg likar, synest jo eg er bra, og då alle synest forskjellig, finn eg det vanskeleg å skamme meg over noko av det eg høyrer på i grunnen – sjølv om nokon andre kanskje tenker det motsette, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Bli betre kjent med musikksmaken til Ingvild Flottorp:

The Chicks for sjølvtillit

På fritida høyrer 24-åringen mest på podkast, men også mykje på radio.

– I periodar kan det sikkert vere nokre timar, andre gonger nesten ingen ting.

Dette høyrer ho på når ho er…:

…glad: – Då er tida for å sjekke ut ny musikk. Elles så funkar det meste då. Som regel det eg har hekta på i den perioden. Liker å bla tilbake i arkivet til artistar som Emmylou Harris, Linda Ronstadt, Carole King, Crosby, Stills, Nash & Young for eksempel og lytte meg opp på den musikken dei gav ut lenge før mi tid.

…lei meg: Laura Marling. Særleg albumet Song For Our Daughter. Mykje melankolsk, men med akkurat nok optimisme.

…sint: Daniel Romano. Albumet Modern Pressure kan ein ikkje anna enn å smile av.

…treng ein sjølvtillitsboost: The Chicks

Joni Mitchell med kniven på strupa

Favorittsjanger:

– Det er vanskeleg å sette ting inn i ein sjanger, synest eg ofte. Men det som går igjen i det eg høyrer mest på, må vel vere at det har noko folk i seg i ei eller anna form.

Favorittband/artist:

– Vanskeleg å plukke ut ein der. Men hadde eg blitt spurd med kniven på strupen og kunne berre vele éin, så trur eg Joni Mitchell hadde glept ut av meg.

Favorittlåt:

– Mange låtar får eg sånn oppheng på i periodar, men den som står seg best hjå meg trur eg må vere Wichita Lineman med Glen Campbell.

Black Eyed Peas

Første album du kjøpte sjølv:

Lurer på om det må ha vore Monkey Business av Black Eyed Peas. Var heilt opphengt i dei på barneskulen.

Kva synest du i dag om musikksmaken då du var yngre?

– Det var mykje diverse. Utan om Black Eyed Peas var eg nok sterkt påverka av ein over gjennomsnittet musikkinteressert pappa og to storesysken. Pappa introduserte meg for Shania Twain og Lee Ann Rimes, som eg likte velig godt.

– Elles høyrde eg på musikk i ei meir rocka gate med syskena mine. Foo Fighters, Keane, Queens of the Stone Age, The White Stripes, Franz Ferdinand. Og mykje norsk også: Big Bang, Marit Larsen og Valkyrien Allstars var dei store for meg. Så eg vart eksponert for mykje god musikk tidleg, synest eg.

I’m With Her på Riksscenen

Kva syng du i dusjen?

– Trur ikkje eg syng så ofte i dusjen. I så fall trur eg det er dersom eg har nokre låtidéar som dukkar opp som eg må prøve å synge ut.

Verdas beste kjærleikslåt:

– Love You Right – Jonas Alaska

Beste treningslåt:

How Do I Make You – Linda Ronstadt

Verdas mest undervurderte band/musikar:

– Ruby Red & the Moonshine Brothers

Di største konsertoppleving: 

– I’m With Her på Riksscenen i mars 2019 trur eg framleis står som ei av dei største konsertopplevingane for meg.

Duett med Willie Nelson

Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke? 

– Willie Nelson hadde vore kult, då. Måtte i så fall ha laga ei låt for anledninga.

Kven skulle du ønske covra ein av dine låtar?

– Eg får ikkje til å skrive godt på norsk sjølv, men veninna mi Tuva Senum er rå. Eg trur det hadde vorte heilt sjukt fint om ho hadde oversett «Amy» til norsk og sunge den.

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

River – Joni Mitchell. Genial låt. Jolesong som ikkje er jolesong. Faste inntekter kvar desember på låten, men kan spelast elles på året også.

Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Trur det måtte ha blitt Dolly Parton. Ho trur eg ein kan snakke om kva som helst med. Dessutan sit ho på mykje livsvisdom.

Brureslag på hardingfele

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

– Storesystera mi Johanne Flottorp måtte ha spelt eit lokalt brureslag på hardingfele. Brureslag frå Herrefoss er fin.

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Both Sides Now – Joni Mitchell. Av alle dei fantastiske låtane til Joni Mitchell, så føler eg denne er ein av dei mest kjende.

– Eg har ikkje det største forholdet til låten sjølv, då eg nesten har unngått den for ikkje å bli ein av dei som fell for dei mest «kommerse» låtane til Mitchell, men denne har vorte populær av ei grunn, og vi skal ikkje gløyme at det er ein god låt. Tenker den kan vere fin å takke for seg med.

Kva låt har du dilla på no?

– Pleier som regel å ha dilla på ulike album. I haust var det mellom anna Pre Pleasure – Julia Jacklin og Revealer – Madison Chunningham. No er det Cosmos av Darling West som nettopp kom ut, som eg kjenner eg skal høyre meir på. Liker spesielt godt låten Wild Dreams.


 

Fakta

Namn: Ingvild Flottorp

Alder: 24 år

Frå: Åmli i indre Agder