Netflix feirar 25 år – her er dei mest sette seriane

14. april 1998 lanserte Netflix dei første nettsidene sine med videoutleige. Men visste du at den første Netflix-produksjonen var norsk?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

14. april 1998 lanserte Netflix ei nettside med 925 dvd-ar som publikum kunne leige via posten for 50 cent per stykk.

Den aller første filmen som vart leigd ut var skrekkfilmen «Beetlejuice» med «Stranger Things»-stjerna Winona Ryder i ei av rollene, ifølgje Netflix.

Den norske serien «Lilyhammer» vart i 2012 Netflix sin aller første produksjon, og sidan den gong har det vorte mange fleire.

I 2022 hadde straumegiganten heile 655 millionar brukarar over heile verda. No ventar fleire i spenning på endringane der Netflix vil gjera det vanskelegare å dela innlogging med vener og kjente.

Her er ei oversikt over dei mest sette Netflix-seriane gjennom tidene:

Squid Game (2021) – sesong 1

Den sørkoreanske serien «Squid Game» er sett 1,65 milliardar timar på Netflix. Foto: Netflix

Overlevingsdramaet «Squid Game» skapt av Hwang Dong-hyuk tok verda med storm i 2021. Den sørkoreanske Netflix-suksessen er sett 1,65 milliardar timar på verdsbasis. Ikkje overraskande har dei dødelege barneleikane inspirert ein ekte reality-konkurranse, som skal ha vore tøff for deltakarane.

Stranger Things (2022) – sesong 4

Ungdommane i Stranger Things

Fjerde sesong av «Stranger Things» er sett 1,35 milliardar timar. Frå venstre er karakterane Jonthan Byers (Charlie Heaton) Argyle (Eduardo Franco), Mike Wheeler (Finn Wolfhard), Eleven (Millie Bobby Brown) og Will Byers (Noah Schnapp). Foto: Netflix

Fjerde sesongen av Netflix-suksessen «Stranger Things» vart sett heile 1,35 milliardar timar på Netflix. Serien sin 80-talsnostalgi set hendingane til ei tid med kald krig med sovjetiske skurkar.

Den fjerde «Stranger Things»-sesongen kom ut etter Netflix trekte seg ut av Russland grunna krigen, men russarane lét likevel til å finne måtar å sjå serien på.

Wednesday (2022)

Wednesday Addams spelt av Jenny Ortega

Jenny Ortega spelar hovudrolla som Wednesday i serien med same namn. Foto: Netflix.

Hovudrolleinnehavar Jenny Ortega tok verda med storm med si tolking av Wednesday Addams i «Wednesday». Regissør Tim Burton sin serie tek utgangspunkt i dottera i den eksentriske Addams-familien, som flyttar på internatskule og blir møtt med både mordgåter og tenåringsutfordringar.

Serien er sett 1,24 milliardar timar på Netflix

Dahmer: Monster: The Jeffrey Dahmer Story (2022)

Mann med briller framfor linjer som målar høgd

Evan Peters i rolla som seriemordaren Jeffrey Dahmer. Foto: Netflix

Netflix-serien om den amerikanske seriemordaren Jeffrey Dahmer har fått kritikk av  pårørande til offera, men har vorte ein stor sjåarsuksess.

«Dahmer: Monster: The Jeffrey Dahmer Story» er sett kring 860 millionar timar.

Papirhuset (2021) – del 5

To raudkledde personar med skytevåpen.

Frå del fem av «Papirhuset» («Casa de Papel»). Foto: Netflix

Den spanske spenningsserien «Casa de Papel» av Álex Pina har gått i fem sesongar og fenga stadig fleire sjåarar over heile verda.

Del fem av serien er sett 790 millionar timar.

Bridgerton (2022) – sesong 2

Ei kvinne og ein mann i gamaldagse overklasseklede kyssar nesten

I andre sesong av det kreative periodedramaet «Bridgerton» er det Anthony Bridgerton (Jonathan Bailey) som ikkje klarar å motstå Kate Sharma (Simone Ashley) Foto: Liam Daniel/Netflix © 2022

Det kreative periodedramaet «Bridgerton» har fenga med si fargerike framstilling av drama, kjærleik og intrigar i overklassen. Serien er basert på bøkene til amerikanske Julia Quinn. Andre sesong dreier seg om kjærleikslivet til Anthony Bridgerton, og er sett 660 millionar timar.

Bridgerton (2020) – sesong 1

I første sesong av «Bridgerton» forelskar Daphne Bridgerton (Phoebe Dynevor) seg i velståande Simon Bassett (Regé-Jean Page). Foto: Liam Daniel/Netflix

Første sesong av «Bridgerton» vart sett 630 millionar timar. Fans av serien kan gle seg til både sesong tre og fire, og dessutan ein eigen spin-off-serie om dronninga «Queen Charlotte: A Bridgerton Story».

Papirhuset (2020) – del 4

Menneske i raude drakter snakkar saman

«Papirhuset» handlar om ei gruppe ranarar og meisterhjernen bak det heile. Foto: Tamara Arranz Ramos/Netflix

Del fire av den spanske TV-serien som vart plukka opp av Netflix etter å ha gått på ein spansk TV-kanal er sett 620 millionar timar.

I utgangspunktet var «Casa de Papel» ein spansk miniserie med timeslange episodar, men Netflix valde å dela serien opp i kortare episodar og spela inn fleire sesongar.

Stranger Things (2019) – sesong 3

Eleven frå Stranger Things snakkar i telefon

I tredje sesong av «Stranger Things» er Eleven (Millie Bobby Brown) og resten av gjengen i ferd med å bli tenåringar. Foto: Netflix

Tredje sesongen av Netflix-serien «Stranger Things» er sett 580 millionar timar. Vennegjengen må igjen takla skumle vesen frå ei anna verd og merkar at relasjonar og dynamikk endrar seg i takt med at dei blir eldre.

Lucifer (2021) – sesong 5

Lucifer Morningstar (Tom Ellis) og Chloe Decker (Lauren German) i femte sesong av serien Lucifer. Foto: John P. Fleenor/Netflix

I Netflix-serien «Lucifer» har djevelen sjølv kome til jorda for å driva nattklubb i Los Angeles, der han blir kjent med drapsetterforskar Chloe Decker.

Femte sesongen av serien er sett 570 millionar timar.


Filmen «Troll» har trollbunde sjåarane. Foto: Netflix ©