Cannabis kan bli lovleg i Tyskland i 2023

Lovforslaget opnar for at privatpersonar kan oppbevara inntil 25 gram cannabis til eige bruk og skal behandlast i Forbundsdagen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er oppdatert 13. april med ein kommentar frå opposisjonen.

Den tyske koalisjonsregjeringa mellom Tysklands sosialdemokratiske parti, det liberale Det frie demokratiske partiet og Dei grøne lova etter valsigeren i 2021 å legalisera cannabis.

Onsdag presenterte Tysklands helseminister Karl Lauterbach og landbruksminister Cem Özdemir eit lovforslag som vil delvis legalisera cannabis innan utgangen av 2023.

25 gram og tre plantar

Forslaget opnar for at privatpersonar over 18 år kan dyrka inntil tre plantar og oppbevara inntil 25 gram cannabis for eige bruk, ifølgje den engelskspråklege nettstaden The Local.

Forslaget legg opp til streng statleg regulering og inneber at cannabis vert tilgjengeleg på det som gjerne vert omtala som «coffee shops» og på apotek.

Kritiske kristendemokratar

Lovforslaget skal drøftast og vedtakast av det tyske parlamentet Forbundsdagen.

Opposisjonen er sterkt kritiske til lovforslaget frå forbundskanslar Olaf Scholz si regjering.

– Me kjem openbert til å avvisa dette tullet i Forbundsdagen, seier leiar for kristendemokratane Thorsten Frei ifølgje VG i eit intervju med avisa Rheinische Post.