Ingen kvinner nominerte til «årets låt» på Spellemannprisen

I årets Spellemann er det ingen kvinner som kan dra heim med prisen «årets låt».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kategorien «årets låt» er den einaste kategorien som sjåarane kan stemme på.

I 2023 er det låtane «Ok jeg lover» av Ramón, «Dans på bordet» av Ballinciaga og David Mokel, «PAF.no» av Karpe, «Glorie» av Vinni, «Sør-Afrika» av Beathoven og Capow x 2G og «Italia» av Undergrunn som er nominert.

– Vi har mange dyktige kvinnelege artistar som lagar kjempebra musikk både på norsk og engelsk, og som gjer det stort både heime og i utlandet, seier kulturredaktør Jens Kihl til TV 2.

Pressesjef i Spellemann, Simen Idsøe Eidsvåg, seier til kanalen at det ikkje er ein jury som avgjer nominasjonen, men strøyming og radioavspelingar.

– Det handlar også mykje om kva låt som har gjort det best, kommersielt sett, seier han til kanalen.


Elsa Søllesvik. Fotograf: Jonathan Vivaas Kise