Og vil lure med seg Lewis Capaldi til å lage TikTok-videoar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det var mykje gøyare i år! Eg hadde lågare skuldrer, leverte betre, reglane var kulare og 8500 i publikum slår 500. Hehe.
Tidlegare i år stod Ella Søllesvik, eller Elsie Bay som ho òg er kjent som, på scena i den nasjonale Melodi Grand Prix-finalen med låten Love You in a Dream.
26-åringen deltok i konkurransen for andre gong. I tillegg til å stå på scena, har artisten frå Kvinnherad skrive låtar for andre artistar.
Framover jobbar Søllesvik, som først blei kjent som ein del av duoen Elsa & Emilie, vidare med Elsie Bay-prosjektet.

Elsa Søllesvik er kjent under artistnamnet Elsie Bay. Fotograf: Jonathan Vivaas Kise
– No driv vi og plukkar ut neste låt. Elles skriv eg for andre artistar. Og snart er det på tide å prøve seg på MGP 2024 (som låtskrivar – no trur eg det er nok av meg som artist der for ei stund).
Heller podkast enn musikk
Elsa Søllesvik avslører at ho ikkje lyttar til så mykje musikk i kvardagen.
– Kanskje i snitt 10–15 minutt per dag – viss eg ser bort frå jobben sjølvsagt. Då blir det jo ein del lyd.
Men det ho lyttar til, er nesten konsekvent Emilie Nicolas eller podkast.
– Ofte krimrelatert: Krimpodden, Avhørt, En mørk historie, Virkelig Grusomt.
Bli betre kjent med musikksmaken til Elsa Søllesvik:
Emilie Nicolas og Khalid
Favorittsjanger:
– Pop.
Favorittband/artist:
– Emilie Nicolas & Khalid.
Favorittlåt:
– Khalid – Better.
Første album du kjøpte sjølv:
– Bullet in a bible – Green Day.
Kva synest du i dag om musikksmaken då du var yngre?
– Den var heilt innanfor!
Syng ikkje i dusjen
Kva syng du i dusjen?
– Eigentleg ikkje noko. Eg er meir ein sånn «snakke til meg sjølv» type person.
Verdas beste kjærleikslåt:
– Lewis Capaldi – Someone you loved.
Beste treningslåt:
– Aurora – Running with the Wolves (Eg er nok litt utradisjonell der).
Guilty pleasure:
– Morten Abel og Robbie Williams.
Verdas mest undervurderte band/musikar:
– Only the Poets.
Di største konsertoppleving:
– Idol-konsert i Trondheim typ 2006.
Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke?
– Bon Iver eller Frank Ocean. Vi skulle laga noko saman.

DRAUMESAMARBEID: Elsa Søllesvik skulle gjerne laga musikk saman med Frank Ocean og Bon Iver. Foto: Jonathan Vivaas Kise / Andras Ladocsi, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons / Av danieljordahl, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons / kollasj Framtida.no
Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?
– everything i wanted av Billie Eilish.
Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?
– Lewis Capaldi. Han hadde sikkert hatt nokre bra vitsar. Kunne vel klart å lure han til å lage nokre TikToks saman.
@iamelsiebay #stitch with @Capaldi Worldwide Thanks a lot. #lewiscapaldi #music #controversy #joke #jokes #jokesonme @Lewis Capaldi ♬ Forget Me – Lewis Capaldi
Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?
– Anar ikkje.
Kva låt vil du ha i gravferda di?
– Så lenge det ikkje er Some die young så er det greitt.
Kva låt har du dilla på no?
– Escapism. – RAYE og 070 Shake.
Les også: Babylucifa vil ha ein låt med bad bitch i seg i gravferda si