USA: Historisk låg arbeidsløyse blant svarte amerikanarar

Forskjellen i sysselsetjinga av svarte og kvite amerikanararar minkar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidsløysa blant svarte amerikanarar har tradisjonelt vore dobbelt så høg som arbeidsløysa blant kvite amerikanarar, skriv nettstaden Quartz.

Dei melder om at arbeidsløysa blant svarte amerikanarar i mars 2023 var på 5 prosent, som er historisk lågt. Blant svarte amerikanske kvinner var arbeidsløysa 4,2 prosent.

Men det er framleis slik at den gruppa med høgast sysselsetjing er kvite amerikanarar, der det er 3,2 prosent arbeidsløyse.

Også blant latinamerikanararar er det høgare arbeidsløyse, der talet i mars 2023 var 4,6 prosent.

Ifølgje Quartz har borgarrettsforkjemparar og svarte økonomar pressa den amerikanske sentralbanken til å ta kampen for auka sysselsetjing på større alvor. Det har ført til at arbeidsmarknaden har vakse trass i pandemi og høgare inflasjon.


Som i mange andre amerikanske storbyar, marsjerte amerikanarar i Washington D.C under slagordet Black Lives Matter i 2020. Foto: Taylor Brandon, Unspash.com