Vekas viktigaste: IS-kvinner, kunstig intelligens og tiltale av Trump

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil du ha vekas viktigaste nyheiter rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet her!

Demonstrasjonar mot rettsreform i Israel

Folkemengde med israelske flagge, og ei gruppe menneske i raudt som har lagt seg ned på bakken.

Frå ein demonstrasjon i Tel Aviv. Foto: Yoav Aziz on Unsplash

I fleire veker har striden om ei ny rettsreform prega Israel. Reforma vil kunne sikre sterkare politisk styring av domstolane, skriv VG. Parlamentet vil kunne overprøve avgjersler i Høgsterett, få kontroll over utnemninga av dommarar og vedta lover som Høgsterett har avvist.

Førre søndag fekk landets forsvarsminister, Yoav Gallant, sparken av statsminister Benjamin Netanyahu. Han hadde tatt til orde for å stanse lovendringa.

Det førte til massive demonstrasjonar i landet. Måndag var det fleire hundre tusen i gatene, og landets største fagforeining Histadrut oppmoda til storstreik.

Statsminister Netanyahu er sjølv skulda for korrupsjon, og reforma kan hindre at han blir tvinga til å gå av. Netanyahu sa måndag kveld at han vil setje rettsreforma på pause til over påske.

Regjeringa la fram grunnrenteskatt på havbruk

To mannlege politikarar på pressekonferanse.

Statsministeren og finansministeren la 28. mars fram grunnrenteskatten på havbruk. Foto: Celine Lyse Augdal / Finansdepartementet

I fjor haust varsla regjeringa at dei ville innføre grunnrenteskatt på norsk havbruk. Den såkalla lakseskatten vart lagt fram tysdag. Ein del har blitt endra sidan det opphavlege forslaget, og regjeringa senkar blant anna skattesatsen frå føreslåtte 40 prosent til 35 prosent. Kommunane skal òg få meir av skatteinntektene.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa at dei har lytta til innspel, og er opptekne av å sikre framleis vekst, samstundes som verdiane skal kome fellesskapet til gode. Verken laksenæringa eller opposisjonen er nøgde med den nye lakseskatten.

Forslaget blir truleg vedteke av Stortinget, sidan regjeringa sitt støtteparti Sosialistisk Venstreparti (SV) er for ein slik skatt.

Donald Trump er tiltala i «hysjpenge-saka»

President Donald Trump. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0

For fyrste gong i historia er ein tidlegare amerikansk president tiltala for kriminelle forhold. Tiltala handlar om pengar Donald Trump skal ha betalt pornoskodespelar Stephanie Clifford, og kjent under artistnamnet «Stormy Daniels», for å ikkje prate om forholdet deira. Nøyaktig kva som er innhaldet i tiltala er framleis uklart.

Trump nektar for alle tiltalepunkt, og kallar det ei «politisk forfølging». Han skal møte opp i høgsteretten til New York på tysdag. Sidan det ikkje er prat om valdeleg kriminalitet, vil han truleg bli lauslaten.

Politiet fryktar at det kjem til å bli demonstrasjonar i New York grunna tiltala. Alle av rundt 36 000 politifolk i byen har fått beskjed om å møte opp på jobb fredag.

Syria-kvinner til Noreg

Anniken Huitfeldt på pressekonferanse.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt informerer om at Noreg har hjelpt to IS-kvinner og barna deira med å kome til heim til Noreg. Frå pressekonferansen 28. mars.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB

To norske IS-kvinner kom natt til onsdag attende til Noreg. Dei hadde med seg dei tre barna sine. Politiet si tryggingsteneste (PST) har arrestert dei to søstrene, som returnerte frå Syria etter ti år der.

Kvinnene reiste frå Bærum til Syria då dei var 16 og 19 år gamle, for å slutte seg til Den islamske stat (IS).

Barna deira har rett på norsk statsborgarskap, og det er omsynet til dei som gjer at kvinnene er henta tilbake. Grunnen til at barna ikkje har blitt henta til Noreg tidlegare, er at dei ikkje kunne bli henta utan samtykke frå foreldre.

Mødrene skal no ha bede om bistand.

Etter at IS kollapsa i 2019, har dei budd i leirar i Syria.

Dei to søstrene blei framstilt for varetektsfengsling torsdag. Kvinnene er sikta for deltaking i ein terrororganisasjon. Kvinnene erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvararen deira, Geir Lippestad.

Teknologitoppar åtvarar om kunstig intelligens (KI)

Elon Musk er ein av dei som har signert oppropet om kunstig intelligens. Her frå eit TED-intervju i april 2022. Foto: Steve Jurvetson/Flickr (CC BY 2.0)

Ei rekkje personar som jobbar med feltet, mellom anna Elon Musk, har skrive under oppropet som tar til orde for ein pause på seks månader i utviklinga av Kunstig intelligens (KI). Det skriv NRK.

I eit ope brev åtvarar forskarar og teknologigründerar om konsekvensane om ingen grip inn i utviklinga. Dei meiner det er demokratisk valde politikarar som må svare på eksistensielle spørsmål knytt til KI, ikkje teknologileiarar.

Vidare ber dei om at utviklinga av KI-modellar sterkare enn GPT4, som er den mest avanserte modellen i dag, blir sett på pause i eit halvt år.

Etter at chatroboten ChatGPT blei sleppt på slutten av fjoråret, har KI-kappløpet verkeleg sett fart.

Lyspunkt: Alfheim stadion byter til samisk namn

Alfheim stadion får nordsamisk namn. Foto: Flippo2, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Romssa Arena er det nye namnet på Alfheim stadion i Tromsø, skriv NRK.

Namnet er nordsamisk, og tyder Tromsø sitt stadion. Dagleg leiar i Tromsø IL seier det er aller første gong ein fotballklubb frontar samisk på denne måten.

Dei vil at det skal kjennest som ei heimebane for alle i Nord-Noreg. I tillegg til namnebytet, vil det vere samisk merking på stadion, samisk kommentator/speaker og samisk mat.

Det starta som eit tiltak for å betre økonomien til klubben. Dei ville selje stadionnamnet, slik mange klubbar har gjort for å få inn pengar frå ein sponsor, men ønska samstundes å selje det til eit berekraftig formål.

Klubben kontakta Troms Kraft, som har kjøpt namnerettane. Selskapet bestemte det nye namnet og gav rettane vidare til Sametinget, som eit bøtande tiltak for aktiviteten deira i reindriftsområde.