Drepne turistar, forsvinningar og terroråtak – her er årets påskekrimmar

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje berre påskenøtter som er tradisjon å sjå på i påska. Som vanleg diskar TV-kanalane og strøymetenestene opp med ein god dose drap, detektivar og uløyste gåter.

Her er påskas store krimguide på skjermen:

NRK

Assosierer du påskekrim med britiske detektivar på statskanalen? Dei som treng det for at det skal bli ordentleg påske, blir ikkje skuffa i år heller.

Her er NRK sin påskeguide. 

«Hendelser ved vann»

Biletet syner ein skog med eit vatn og eit telt. Hovupersonane i serien er lagt oppå biletet.

Pernilla August, Asta Kamma August og Rolf Lassgård speler sentrale roller i serien «Hendelser ved vann» som blir sendt på NRK i påska. Foto: Joe Maples/Apple Tree via NRK

Den store, nye krimsatsinga på NRK i påska er den svenske dramaserien «Hendelser ved vann». Serien er basert på romanen med same namn av Kerstin Ekman.

Året er 1973 og det er midtsommarkvelden. Annie og dottera Mia er på veg til det isolerte Stjärnberg-kollektivet for å starte eit nytt liv med kjærasten Dan. Men, på vegen kjem dei over to døde turistar i eit telt. Dei er brutalt knivstukke gjennom teltduken.

20 år seinare er drapa framleis uløyste. Kva var det eigentleg som skjedde tilbake i 1973? spør serien.

Du kan sjå serien her:

  • NRK1: Frå tysdag 4. april
  • NRK TV: Frå fredag 31. mars
  • Episodar: 6
  • Speletid: 58-60 minutt

«Nedgravde hemmeligheter» (sesong 5)

Eit avrive menneskelem blir funne inne i ein skorstein. Teamet prøver å identifisere offeret, og Sunny kjem dårleg overeins med sin nye sjef. Foto: NRK

Serien «Nedgravde hemmelegheter» er tilbake i påska, i sin femte sesong. Men denne gongen har etterforskar Sunny ein ny sjef, etter at Cassie, som vi har følgd i dei tidlegare sesongane, døydde førre sesong. RIP.

Saman med sin ferske sjef Jessica blir Sunny sett til å etterforske det som ser ut som eit drap som skjedde på 1930-talet. Det heile startar med at eit avkutta bein blir funne i eit nyrenovert hus.

Du kan sjå serien her:

  • NRK1: Frå fredag 7. april
  • NRK TV: Frå fredag 31. mars
  • Episodar: 3
  • Speletid: 1 t 30 min

«Shetland» (sesong 6)

Etterforskar Perez står på ei strand og ser ut mot havet.

Familien Cairns ville ha ein ny start på Shetland. No er sonen i familien sakna. Foto: BBC via NRK

Det blir meir gjensynsglede på NRK! Etterforskar Jimmy Perez er tilbake i ein ny sesong av serien «Shetland». Perez freistar å finne ut kva som har skjedd med ein sårbar, ung mann som har forsvunne. Har det den nyinnflytta familien hans flykta frå innhenta dei?

Du kan sjå serien her:

  • NRK TV: Frå fredag 31. mars
  • NRK1: Frå laurdag 1. april
  • Episodar: 6
  • Speletid: 55-58 min

«Vera» (sesong 12)

Etterforskar Vera står på ei strand i sitt karakteristiske antrekk, med hatt og frakk. I bakgrunnen står ein politimann i uniform.

I påska kan du sjå ein fersk sesong av «Vera» hjå NRK. Foto: ITV Studios via NRK

Er du glad i Vera, love? Då kan du kose seg med den tolvte(!) sesongen med den folkekjære detektiven i påska. I denne sesongen må hattedama mellom anna bryne seg på ei sak der ein kommunal kontrollør er funnen fastbunden til ein seglbåt ved eit fyr.

Du kan sjå serien her:

  • NRK TV: Frå fredag 31. mars
  • NRK1: Måndag 10. april kl. 21.10
  • Episodar: 4
  • Speletid: 1 t 28 min – 1 t 30 min

TV 2:

Også TV 2 diskar opp med ein god dose spenning i påska.

«Hidden Assets»

Kvinneleg politi i sivile klede trekker pistol på gata.

Irsk og belgisk politi må jobbe på tvers av landegrensene i TV 2 si påskekrimsatsing «Hidden Assets». Foto: Bernard Walsh/AcornTV

I årets nye påskekrim på TV 2 må politi i Irland og Belgia samarbeide. Den irske etterforskaren Emer Berry oppdagar at ein pose diamantar, funnen under eit narkotikaraid, kan knytast til ei rekke bombeåtak i Belgia.

Motvillig må Emer og den belgiske kollegaen Christian De Jong samarbeide for å hindre eit potensielt nytt terrorangrep.

Du kan sjå serien her:

  • På TV 2 Play frå fredag 31. mars
  • På TV 2 Direkte torsdag 6. april kl. 21.40
  • Episodar: 3

Viaplay:

Viaplay satsar òg på krim i påska, og tilrår desse nyheitene i spelaren sin.

«Suspect»

Ein middelaldrande mann med eit litt farleg blikk.

Krimserien «Suspect» kan strøymast hjå Viaplay. Foto: Viaplay

Viaplay kan freiste med ein fersk krimserie i spelaren sin til påske, nemleg «Suspect». Det er ein britisk versjon av den danske serien «Forhøret».

Veterandetektiv Danny blir konfrontert med sitt verste mareritt. Han blir kalla inn til likhuset for ein rutinesjekk av eit sjølvmord, men det som møter han på benken er hans eiga dotter. Alt tyder på at ho har teke livet av seg, men Danny er overtydd om at det dreier seg om eit drap, og blir dregen inn i ei verd av mørk kriminalitet.

Du kan sjå serien her:

  • Viaplay (tilgjengeleg no)
  • Episodar: 8
  • Speletid: 22-23 min

«The Suspect»

Psykolog ITV 2022 handhelsar på det som ser ut til å vere to etterforskarar.

Er O’Loughlin eigentleg den snille psykologen for kriminelle som han verkar som? Foto: ITV 2022 via Viaplay

Kreative titlar i krimverda må ein seie.

Viaplay har òg serien «The Suspect» som ei av sine påskesatsingar.

Tilsynelatande er Joseph O’Loughlin ein samvitsfull psykolog med ein nyleg parkinson-diagnose. Men ryktet hans byrjar å slå sprekker når politiet finn liket av ein mogleg sexarbeidar. O’Loughlin er aktuell med ei bok om sexarbeidarar, og blir henta inn som ekspert, men studerer han dei eigentleg for å gjennomføre eigne vonde planar?

Du kan sjå serien her:

  • Viaplay (tilgjengeleg no)
  • Episodar: 5
  • Speletid: 45-49 min

«Dublin Murders»

Ei kvinne i ein mørk skog med ei lommelykt.

Ei gamal sak blir aktuell att i «Dublin Murders». Foto: Viaplay

Ein annan krimserie du kan sjå på Viaplay, er «Dublin Murders», som finn stad i Dublin på 1990-talet. Han blir skildra som ein psykologisk krimthriller fullspekka med tvistar og vendingar.

Liket av ei 13 år gamal jente blir funne i skogen, og etterforskarane Rob og Cassie blir sett på saka.

Serien er basert på bøkene av Tana French.

Du kan sjå serien her:

  • Viaplay (tilgjengeleg no)
  • Episodar: 8
  • Speletid: 55-58 min

«The Salisbury Poisonings»

Ein gamal mann sit med ryggen til på ein benk. Ei politikvinne i uniform er i ferd med å ta på seg plasthanskar.

The Salisbury Poisonings er ei filmatisering av ei ekte krimhending. Foto: Fremantle 2022 via Viaplay

Her snakkar vi om ein serie som er basert på ei ekte hending, som skjedde for fem år sidan. Det som viste seg å vere ein russisk dobbeltagent og spion, Sergej Skripal, og dottera hans, blei funne bevisstlause på ein benk. Dei var blitt forgifta med nervegift, men kven stod bak?

Viaplay trekker òg fram ubåtthrilleren «Vigil» (2021) og klassikarar som «Wallander» og «Agatha Christie’s Miss Marple» og som perfekt påskeunderhaldning.

Du kan sjå serien her:

  • Viaplay (tilgjengeleg no)
  • Episodar: 4
  • Speletid: 44-45 min

Disney+

Adde««Boston Strangler» (2023)

To kvinnelege journalistar ser på ei rekkje brev

Keira Knightley har hovudrolla som journalist i «Boston Strangler». Foto: Claire Folger. © 2022 20th Century Studios. All Rights Reserved, via Disney +

Nyleg kom denne Disney+-filmen om nokre av dei mest kjende seriedrapa i historia. På starten av 1960-talet vart tretten kvinner drepne i Boston-området.

I filmen følgjer vi journalisten Loretta McLaughlin, som oppdagar ein samanheng mellom fleire av offera. Saman med kollega Jean Cole dekkjer dei drapsetterforskinga og jakta på gjerningspersonen.

Du kan sjå filmen her:

  • Disney+ (tilgjengeleg no)
  • Speletid: 1 t 53 min

Netflix

«Luther: The Fallen Sun» (2023)

Luther har på frakk og står og speidar i ei bakgate.

Idris Elba er tilbake som antihelten Luther. Foto: John Wilson/Netflix © 2023

Idris Elba er tilbake i rolla som etterforskar John Luther, denne gongen i filmformat. Ein teknologimilliardær brukar folk sin heimeteknologi til å plukke ut offer, og sørger for at antihelten vår Luther hamnar bak lås og slå slik at han kan arbeide i fred.

Luther må bryte seg ut av fengselet for å jakte på den sadistiske seriemordaren.

Du kan sjå filmen her:

  • Netflix (tilgjengeleg no)
  • Speletid: 2 t 10 min

Har du enda ikkje sett serien med same namn, kan du ta fatt på han på HBO Max før du går i gang med filmen.


Her kan du sjå kva påskekrimmar som blei sende i fjor.

Treng du enda fleire tips, sjekk ut denne saka med både gamle perler og moderne klassikarar!

Foto: Carolina Romare/Filmlance International/Nimbus Films 2015 , HBO Nordic