Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er blitt dårleg på denne lesinga den siste tida, men eg har som mål å lese 12 bøker i året.

Forfattar Lina-Marie Ulvestad Halås er aktuell med sin andre roman. I Kimæren våkner melder studenten Kim seg frivillig til å frysa ned hjernen sin, og vaknar opp i ei anna tid med ein annan kropp.

Me har teke ein kikk i bokhylla hennar:

Denne boka fekk meg til å  ... grine: Klara and the Sun av Kazuo Ishiguro ...le: Hvis dette var en film, Teuta Dibrani ...verte sint:  Ice av Anna Kavan ...tenkje: The Memory Police Yöko Ogawa

Forfattaren skildrar seg som ganske lite kresen når det kjem til sjanger og aldersgruppe, men meir kresen på språk og driv.

– Historia og språket må fange meg, viss ikkje gidd eg ikkje. Derfor kosar eg meg båe med teenflicks og nobelprisvinnarar så lenge dei er godt skrive. Den siste tida har eg vendt meg litt mot den fantastiske litteraturen igjen, den likte eg best som barn. Det er vel ein trend eg følgjer, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Les med ryggen til tv-en

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

The Last Anniversary av Liane Moriarty. Skjønt «boka» er ei lydbok som eg speler av på mobilen min. Boka er ok. Eg gjev den tre stjerner på Goodreads. Det er greitt å sovne til tre stjerner på Goodreads. I vaken tilstand har eg nett byrja på The Three-Body Problem av Liu Cixin

– Kor les du? 

– I stolen ved sidan av sofaen. Då har eg ryggen til TV-en og god utsikt til bokhylla mi og alle bøkene eg berre har kjøpt og ikkje lese.

Nancy Drew, Sølvhingsten og Greven av Monte Cristo

– Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Eg er heldig og har ei mor som las veldig mykje for meg. Bøkene vi – eller, i alle fall eg – koste oss mest med var Sølvhingsten av Elyne Mitchell og bøkene om Nancy Drew.

Mor til Lina-Marie Ulvestad Halås las Nancy Drew-bøkene og Sølvhingsten for dottera. Foto: Nasjonalbiblioteket, Deichman og Store Norske Leksikon

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg har litt problem med å hugse kva eg faktisk las og kva eg berre sa at eg las i tenåra, men eg hugsar i alle fall Greven av Monte Cristo veldig godt. Å vere uskuldig dømt for noko, vende attende som ein framand for å ta hemn på alle som forårsaka lidingane dine … perfekt for ein tenåring med mange sterke kjensler i seg.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive? 

Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren. Den riv i hjartet.

Frå filmen Brødrene Løvehjerte.

Tankevekkjande Bridget

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

Bridget Jones’s diary av Helen Fielding. Dei andre har eg ikkje lese, så dei kan eg ikkje seie noko om, men BJD er mykje meir enn ei slank Renée Zellweger som blir fortalt av verda at ho er tjukk. Den er sår, morosam og til og med litt tankevekkjande, spør du meg. Det er artig at den blir sett på som ein romantisk komedie, fordi om en har lese boka, veit ein at den er ganske langt unna akkurat det.

Renée Zellweger i rolla som Bridget Jones i filmatiseringa av bøkene. Foto: Miramax

– Kva meiner du gjer ei bok god? 

– Det er ei heilt eiga kjensle når du les noko som er godt, eg føler orda forsvinn, du er berre i teksten, og når du tenker på boka etterpå er det nett som å gå inn i eit rom du er godt kjent i. Det kan vere ei skildring av eit skilt eller djupe refleksjonar om døden, så lenge du føler det boka fortel, er ho god. Det verste eg veit er når eg lukkar boka og eg ikkje kan gå inn i ho igjen i tankane. Då har eg kasta bort tida mi. Eller lært korleis ein ikkje skal skrive. Då er det jo ikkje bortkasta i det heile tatt.

Pizza med Mary Shelley

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

– Edmond Dantès. Men eigentleg ikkje.

Forfattar Mary Wollstonecraft Shelley (1797-1851) sitt liv var prega av mange tragiske dødsfall. Portrett: Richard Rothwell(1840) National Portrait Gallery

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Mary Shelley. Eg skulle servert pizza, eit eller anna med granateple på toppen.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Alexandre Dumas. Helst lesen høgt til meg av Knut Risan.

Tilda eller Kaya

– Kven av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven speler hovudrolla?

– Det må bli den siste, Kimæren våkner. Internasjonalt vil eg sjå Tilda Swinton då ho var 30, i Noreg … Kaya Wilkins aka. Okay Kaya, kanskje? Ho var jo veldig god i Thelma.

jente i svømmehall

Artist og skodespelar Kaya Wilkins overbeviste i filmen «Thelma», regissert av Joachim Trier. Foto: Motlys AS


Everything Everywhere All at Once fekk eit prisdryss på den 95. Oscar-utdelinga. Foto: Another World Entertainment.

 

Lina-Marie Ulvestad Halås

  • Alder: 31
  • Frå: Eide, Møre og Romsdal
  • Utdanning: Ymse forfattarlinjer, diverse litteraturemne frå Universitetet i Oslo.
  • Yrke: Forfattar