Ikkje alle sosionomar jobbar på Nav. – Eg brukar å seie at som sosionom kan du følgje menneske frå fødselen og heilt til siste hjarteslag, seier sjukehussosionom Frida Brødreskift.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det beste med jobben er at eg får eit lite innblikk i så mange ulike personar sitt liv, skriv sjukehussosionom Frida Brødreskift i ein e-post til Framtida.no.
Få forventar å få hjelp til gjeldsrådgiving, familiesamtalar, til å finna ny bustad eller senda søknadar til Nav.
– Difor blir mange av pasientane glade for å få «rydda litt opp» i ting og tang som kan ha blitt ei belastning over tid, forklarar ho.
Frå revisor til psykisk helse
25-åringen frå Molde planla eigentleg å bli revisor, men vart fort klar over at det ikkje var ein yrkesveg som var riktig for ho.
– Eg fullførte året, men ynskte å jobba meir med menneske enn med tal. Difor søkte eg sosionomstudiet og eg har ikkje angra ein dag på det. I jobben får eg bruka mykje av meg sjølv og bidra til at nokon får det litt lettare i ein vanskeleg livssituasjon, forklarar sjukehussosionomen.
Etter å ha fullført ei bachelorgrad i sosialt arbeid ved NTNU følte ho seg ikkje klar for å gå rett ut i fulltidsjobb. Svaret vart eit årsstudium i religion og frivillig arbeid i organisasjonen Jentevakta, som driv ei chat- og telefonteneste retta mot unge av alle kjønn.
Dette gjorde ho nyfiken på temaet psykisk helse, og draumen vidare er å ta ei vidareutdanning i sexologisk rådgiving.
Sosionomar – frå fødsel til død
– Eg brukar å seie at som sosionom kan du følgje menneske frå fødselen og heilt til siste hjarteslag.
Ein vanleg fordom mot yrket er ifølgje Brødreskift at «alle sosionomar jobbar i Nav». Dette stemmer ikkje, sjølv om Nav er ein arbeidsplass med mange sosionomar og alle studentane må ha minst ein praksisperiode på Nav-kontor.
Ho fekk jobb som sjukehussosionom ved Akuttpsykiatrisk avdeling ved Oslo universitetssykehus. På Noregs største sjukehus er det høgt tempo, travle dagar og til tider stort arbeidspress.
Brødreskift forklarar at sosialt arbeid kan delast inn i to område, der du anten driv med saksbehandling eller meir klinisk med samtale-/miljøterapi.
– Sosionomar er til stades på dei aller fleste arbeidsplassar der målet er å hjelpa eit anna menneske eller ei gruppe menneske. Dette kan vera sjukeheim, barnevern, skular, rusbehandling, uteseksjonen, flyktningmottak, ideelle organisasjonar og bemanna bustad for menneske med ulike utfordringar.
Ein heilt vanleg dag på jobben
At ingen dagar er like, er noko av det beste med jobben, men ein dag på Akuttpsykiatrisk mottak kan utarta seg slik:
07:30: Les meg opp på dei pasientane som har blitt innlagt sidan sist eg var på jobb. Nokre har ikkje bustad, andre kan trenga hjelp til å følgja opp borna sine medan dei er innlagd eller har store bekymringar rundt økonomi.
08:00: Spring ned på mottaket og blir med på morgonmøte. Her samlast alle sjukepleiarane, hjelpepleiarane, psykiatrane, legane som er i spesialisering og einingsleiar for å diskutera korleis vi best kan hjelpa pasientane som er i mottak denne dagen.
08:45: Sender eg meldingar til bydelane som følgjer opp nokre av pasientane våre utanfor sjukehuset.
09:34: Samtale med pasient 1 for å kartleggja born som pårørande.
10:00: Ringa medforelder til pasient 1 for å høyra korleis det går med dei og borna og informerer òg om at pasienten må bli på sjukehuset ei stund framover.
10:15: Skriva og senda søknad til kommunen om at pasient 3 ønskjer psykisk helsearbeidar etter h*n er ferdig hos oss.
11:00: Ete lunsj
11:10: Vaktansvarleg ringer: Pasient 4 vil skriva seg ut, men har ikkje bustad eller pengar på kortet. Pasienten og eg ringer saman til Nav og avtalar at h*n kan koma dit å få hjelp med ein mellombels bustad og søkja sosialhjelp.
11:35: Et resten av lunsjen. Vakthavande psykiater får to telefonar om nye pasientar som kjem. Ein pasient som vi mistenkjer har ein rusutløyst psykose og ein pasient som har hatt eit suicidforsøk.
12:07: Pasient 1 får beskjed av lege om at h*n må bli på avdelinga jf. PHV §3-3 Tvungen psykisk helsevern. Pasienten er veldig ueinig i dette og blir høglydt og truande. Alle tilsette på eininga trekkjer til for å støtta sjukepleiaren og legen som snakkar med pasienten. Dei får roa ned pasienten og vi trekker oss bort frå situasjonen når sjukepleiaren seier det er greitt.
12:32: Heimetenesta i ein bydel i Oslo ringer og lurar på om eg vurderer at pasient 7 treng tettare oppfølging.
13:04: Begge pasientane kjem samstundes. To sjukepleiarar og to pleieassistentar møter kvar sin pasient utanfor og tek dei med inn på avdelinga. Eg sit i stova med pasient 7 og puslar puslespel. Pasient 7 blei uroleg av at det blei litt hektisk på avdelinga og treng trygging og at ein er til stades.
13:45: Har undervisning for avdelinga om korleis vi tek vare på pårørande til pasientane som er innlagde hos oss.
14:45: Avsluttar undervisninga. Går tilbake til mottaket for å samla trådane for dagen og dokumenterer at heimetenesta ringde om pasient 7.
Pasientreise til Paris
Det mest utrulege som har skjedd 25-åringen på jobb er då ho saman med ein sjukepleiar følgde ein pasient tilbake til Paris i Frankrike der hen budde.
– Me har fått inn pasientar frå mange ulike land. I Noreg er det slik at om ein turist blir alvorleg psykisk sjuk på reise i Noreg skal vi følgja pasienten tilbake til heimlandet så raskt som mogleg, forklarar sosionomen.
Å planlegga ei slik reise er tidkrevjande, men Brødreskift opplever at pasientar og pårørande set stor pris på hjelpa dei får.
– Dette skjer ikkje så ofte så det var veldig gøy å bli spurt om å vera med på eit slikt oppdrag.
Praktisk lærdom
Brødreskift skryter av det høge kompetanse- og kunnskapsnivået til medarbeidarane sine.
– Etter to dagar i min nye jobb føltest det som om eg hadde lært meir av kollegaane mine enn tre år på studiet.
Men studia i sosialt arbeid sette Brødreskift godt inn i velferdsstaten Noreg og kva ulike livssituasjonar personar som deltek og ikkje deltek i velferdsstaten har.
– I jobbkvardagen min gjer dette at eg kan veta kva ein pasient har krav på av oppfølging, stønadar og hjelp utanfor sjukehuset. Elles er det mykje eg finn ut ved å kontakta andre instansar og spørja kollegaane mine om hjelp. Oslo universitetssykehus er det sjukehuset i landet med flest sosionomar. Det gjer at uansett kva problemstilling eg møter på jobb, er det som regel nokon som har funne ei løysning på det tidlegare som vi kan prøva først.
Vald i arbeidskvardagen
Det mest utfordrande med jobben er at ting tek tid, og møtet med vald og trugslar.
– Dette er ein del av jobben som ofte ikkje kjem fram godt nok. Om lag halvparten av mine pasientar ønskjer ikkje sjølv å vera innlagd, men av og til er det naudsynt at dei får hjelp raskt, sjølv om dei ikkje vil. Ein del blir frustrerte og sinte, og nokre gongar trugar dei med å skada seg sjølv eller oss.
Med slike utfordrande arbeidsforhold, hjelper det veldig å ha gode kollegaar.
– Kollegaane mine ved Akuttpsykiatrisk mottak er nokre av dei finaste og flinkaste menneska eg har møtt. Vi diskuterer mykje og er ikkje alltid einige, men hamnar eg i ein vanskeleg situasjon veit eg at dei følgjer med og står klare til å hjelpa meg. Sjølv før eg har rokke å seie ifrå. Eg føler meg veldig heldig som jobbar her.
Brødreskift meiner at utdanninga i sosialt arbeid er ei allsidig utdanning som kan ta ein i fleire ulike retningar. Sosionomyrket kan passa for dei som ønsker å hjelpe andre og likar å møte nye menneske.
– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?
– Gjer det! Du vil ikkje angra! Om du er usikker på kva du vil utdanna deg til er det ei veldig fin utdanning å starta på. Eg har studert både økonomi og religion i tillegg til sosialt arbeid og all denne kunnskapen har hjelpt meg til dit eg er i dag. All kunnskap, ferdigheiter, hobbyar, arbeidserfaring eller interesser hjelper deg i å byggja relasjon med andre, som er mykje av det jobben går ut på.
Namn: Frida Brødreskift
Alder: 25 år
Frå: Molde
Yrke: Sjukehussosionom ved Akuttpsykiatrisk mottak, Oslo universitetssykehus
Utdanning: Bachelorgrad i sosialt arbeid frå NTNU, Årsstudium i religion frå NTNU