Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så sjeldan ein får denne mogelegheita i Pakistan, og om det først skjer, er det ofte ikkje faktiske transpersonar som får desse rollene. 

Det seier skodespelar Alina Khan til britiske Pink News. 24-åringen er sjølv transperson, og spelar no hovudrolla som transkvinna Biba i filmen Joyland.

Joyland er den første store pakistanske filmen som har ein transskodespelar i hovudrolla. Han er òg den første pakistanske filmen til å kome på kortlista over mogelege Oscar-kandidatar.

Men i heimlandet vart han forboden. 

Forboden

Joyland syner ei kjærleikshistorie mellom den gifte mannen Haider som vert forelska i dansaren Biba.

Filmen vann Un certain regard sin jurypris under den prestisjetunge filmfestivalen i Cannes i 2022.

I Pakistan vart filmen forboden frå kinosalane hausten i fjor. Styresmaktene sa då at å vise filmen ikkje «samsvarte med dei sosiale verdiane og moralske standardane» i deira samfunn.

Endå ein høgsterettsdom i Pakistan har anerkjent eit tredje kjønn, så møter likevel transpersonar i landet marginalisering og diskriminering.

I midten av november snudde styresmaktene, og tillet filmen. Likevel er han framleis forboden i Punjab, den mest folkerike provinsen i Pakistan.

Fredsprisvinnar og Oscar-vinnar med på laget

Filmskaparen Saim Sadiq fortel til Pink News at dei valde å kjempe for filmen, men at det har kosta.

Khan vart skjerma fordi ho som transkvinne allereie er utsett, og dei andre skodespelarane stod i stormane.

– Dei fekk nokre alvorlege trugslar. Dei måtte leige vakter, men heldt fram. No kjem vi oss alle sakte, men sikkert, frå det heile, seier Sadiq til avisa.

Malala Yousafzai fekk fredsprisen i 2014. Ho var då 17 år gammal og er den yngste mottakaren nokosinne.
Foto: 内閣官房内閣広報室, CC BY 4.0

Filmen har òg fått ekstra merksemd etter at Nobels fredspris-vinnar Malala Yousafzai og Oscar-vinnar Riz Ahmed vart tilknytte som ansvarlege produsentar. Sadiq seier den profilerte støtta har vore uventa, men raus.

I eit opent brev publisert i Variety, kritiserte Malala pakistanske styresmakter for sensurforsøket.

Fredsprisvinnaren meiner det er trist om publikum snur seg vekk, når ein film som denne løftar arbeidarklassen, transkarakterar eller kvinner som strevar mot rigide og reelle normer.

– Vi bør vere dei første, mest høglydte og mest jublande støttespelarane for kunstnarar som fortel våre historier. Joyland gjev Pakistan den sjansen, om vi berre er villige til å ta han. 

Ein plass for Alina

Skodespelar Alina Khan fortel Pink News at ho håpar filmen kan hjelpe andre som prøver å finne ut av sin eigen kjønnsidentitet.

Då ho først kom ut av skapet, vart ho avvist av familien og laut klare seg sjølv. I nyare tid, etter at ho skapte eit namn for seg som skodespelar, har familien akseptert 24-åringen.

– Eg håpte alltid at familien min ein dag ville akseptere meg, og at eg ville finne ein plass for meg i samfunnet, avsluttar ho.


Illustrasjonsbilete: Nikolas Gannon on Unsplash