Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Peter F. Strassegger vart nominert til Nordisk råds litteraturpris og Uprisen for den første ungdomsromanen sin, Aleksander den store.

No er han ute med ein ny roman for ungdom, som rører ved sorg, utanforskap og tabubelagde tema.

Ut og stele øl

Per går i tiande klasse. Han og kompisen Oscar har blitt stadig meir vågale når det gjeld å stele på den lokale Spar-butikken. Stelinga har blitt ein rutine og dei skal stele øl.

Skildringa av butikkbesøket er føreseieleg, og det er tydeleg at dei kjem til å bli tekne. Dette blir blant anna understreka av frampeik av at den tidlegare kameraten hans Ronny og læraren har bede han om å roe seg ned:

«Men i dag er det noko som kjennest rart (…) Veit folk om kva Oskar og eg plar gjera, likevel?»

På kanten av samfunnet

Per taggar bokstavane «rep» på veggen i skulegarden, som seinare blir til «drep». Det blir tydeleg gjennom romanen at desse orda har festa seg i guten.

Han gjer ofte ugjerningar saman med Oscar, som er den einaste venen hans. Han røyker hasj og køyrer bil utan sertifikat. Det gjer at dei utgjer antiheltar med ein kvardag prega av mobbing, utanforskap og problemåtferd.

Ein dag blir dei tekne av politiet som ber dei om gjere om på livet sitt. Likevel klarer ikkje Per å leggje sorga etter mor si bak seg. Han seier at mora døydde av kreft. Men realiteten er at ho tok livet sitt. Noko som ligg som eit ulmande faktum igjennom heile romanen, og gjer at det blir tydeleg at tittelen Kvil i fred også gjeld dei levande.

Eit sjeldan innblikk

Det er tydeleg at Per ikkje har det lett. Og at både han og far hans slit med sorga etter at mor hans døydde. Tre år etter har far hans slutta å laga middag. Dei har slutta å snakke med kvarandre.

Og begge tyr til alkoholen som trøyst: «Men far og eg slutta å snakka om mor med kvarandre også. Eg trur ikkje det var nokon god ide. Det var då eg byrja å vakna om nettene i skrekk». 

Det er tydeleg at Per har mange kjensler, men han prøver å halde dei inni seg: «Eg bit tennene saman og har mest lyst til å slå, men i neste augeblink kjenner eg at tårene kjem, og eg gjer alt eg kan for ikkje å grina no».

Det gjer at romanen gjev eit sjeldan innblikk i sinnet til ein stille gut som slit. 

Viser fleire sider ved problemåtferd

At Strassegger er psykolog ved sidan av å vera forfattar gjer at han etter mi meining er særleg godt rusta til å skildre menneskesinnet. Noko som kjem tydeleg fram i romanen.

Skildringa av det komplekse mennesket er gjennomgåande. Der det blir gjort tydeleg at det kan vera fleire sider bak problemåtferd hjå unge – ein tematikk som ikkje er framand i Strassegger sin forfattarskap. 

Likevel synest karakterane noko karikerte, noko som særleg gjeld framstillinga av mobbaren og offeret. Det gjer forteljinga noko urealistisk, sjølv om det er eit nyttig forteljargrep.

Sjølv om boka er flust av vaksne som prøver å gripe inn, men som ikkje når fram gjev boka likevel håp. Det gjer at eg vil tilrå boka til både unge og vaksne som ynskjer og tør å få eit djupare innblikk i vanskelege sider ved det å vera menneske


Artist, aktivist, forfattar og skodespelar Ella Marie Hætta Isaksen. Foto: Sara Angelica Spilling

Fakta

Tittel: Kvil i fred

Forfattar: Peter F. Strassegger

Forlag: Samlaget

 Sjanger: Skjønnlitteratur

Sider: 128