Kort forklart: Den kinesiske ballongen og andre ting som blir skote ned i Nord-Amerika

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har skjedd?

Det er fire flygande objekt som har blitt skote ned i Nord-Amerika den siste tida. Fyrst ein kinesisk ballong som var synleg i lengre tid, så tre mindre objekt:

  • 4. februar vart ein kinesisk ballong skote ned ved Myrtle Beach i Sør-Carolina i USA.
  • 10. februar vart noko på størrelse med ein bil skote ned ved Deadhorse i Alaska i USA.
  • 11. februar vart noko sylinderforma skote ned i Yukon i Canada.
  • 12. februar vart endå eit flygande objekt skote ned over Lake Huron i Michigan i USA.

Kva veit vi om objekta?

Berre det fyrste objektet, den kinesiske ballongen, er vi sikre på kvar kjem frå. Kina har sagt at det er ein av vêrballongane deira som berre har blåse vekk.

Ifølgje USA så er ikkje dette ein vanleg vêrballong. Ballongen var om lag 27 meter brei, som er over 4 gonger større enn ein vêrballong vanlegvis er. Det amerikanske forsvaret seier at han truleg samlar inn informasjon for Kina om andre land.

Dei andre objekta veit vi ikkje så mykje om. Alle saman har vore mindre enn den fyrste ballongen og Det kvite hus har stadfesta at dei ikkje er kinesiske. Dei inneheld heller ikkje etterretningsutstyr.

Det er også mogleg at dei som sjekkar luftområdet til USA er meir merksame etter den fyrste ballongen vart skoten ned, og difor plukkar opp fleire ting. Kvart år er det ganske mange uidentifiserte flygande objekt i USA som blir varsla om til styresmaktene.

Kva seier Kina?

Kina held fast på at den fyrste ballongen var ein vêrballong dei ikkje hadde kontroll på og at det amerikanske forsvaret overreagerte då dei skaut han ned. Dei avviser at ballongen har noko som helst med overvaking å gjere.

I tillegg seier dei at USA har flydd ulovlege ballongar over kinesisk fastland meir enn ti gongar sidan januar i fjor. USA nektar for dette.

Kina har også sagt at dei sjølv førebur seg på å skyte ned eit uidentifisert flygande objekt utanfor kysten deira. Førebels har dei ikkje varsla at noko er skote ned.

Skjer det noko liknande i Noreg?

I fjor var mykje merksemd rundt dronar i Noreg, som kunne kome frå Russland. Ballongar har det derimot ikkje vore like mykje oppstyr rundt.

Innimellom kjem det vêrballongar over norsk område som Forsvaret ikkje veit kvar kjem frå. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram seier til Dagbladet at dei derimot ikkje har sett noko på størrelsen med ballongen som vart skoten ned ved Sør-Carolina.

Ballongar kan vere vanskelege å sjå på vanleg radar og Gram utelukkar ikkje at det kan ha skjedd. Når det dukkar opp noko, vurderer Forsvaret om dei skal bruke ekstra ressursar for å undersøke det.


Xi Jinping ved kinesiske og Rwandiske flagg

EIN DRAUMAR: Kinas President har ambisjonar for landet sitt. Her er han på statsbesøk i Rwanda og møter presidenten Paul Kagame. Foto: Paul Kagame via Flickr