nrk– MGP 2023 har vore ein stor suksess, noko som speglar seg i sjåartalet i helga, seier musikkansvarleg Stig Karlsen i NRK til Kampanje.
Totalt 987.000 nordmenn har så langt sett finalen av songkonkurransen, anten direkte eller i opptak. Det er 250.000 fleire sjåarar enn i 2022 då rundt 737.000 nordmenn såg finalen.
– Teamet har jobba hardt for å lage eit meir engasjerande og spennande show, fronta av svært solide artistar og låtar, seier Karlsen.
Det var likevel programmet Mesternes mester som vart vekas mest sette TV-program med 1.139.000 sjåarar.
Quiz: Kjenner du att MGP-låtane på nynorsk?

Oppdatert:
måndag 6. februar 2023 15.30