Forfattardebutant Helene Alice Nortvedt kjenner seg att i alle slags karakterar i dei beste romanane ho har lese, men vart slege av kor kjent Sigrid undset sin karakter Jenny var.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kor mykje les du sjølv?

– Det varierer veldig! Har periodar der eg les mykje, og andre der eg nesten ikkje les i det heile teke. Så dette blir vill gjetting, men i snitt kanskje … 25 bøker i året? 

Ved sida av skrivinga, jobbar Helene Alice Vestad Nortvedt i administrasjonen ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.

I desse dagar debuterer 32-åringen frå Oslo med Røde fare, ein roman om Evy (27) som oppsøker stefaren som forsvann ut av livet hennar plutseleg.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den ferske forfattaren.

Svensk på nattbordet

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Antiken av svenske Hanna Johansson.

– Kva bøker les du helst?

– Alt mogleg eigentleg! Først og fremst romanar, men òg poesi og sakprosa. Eg set pris på å lese ei god sakprosabok etter ein periode med mykje skjønnlitteratur. Som til dømes nemnde Brorskapet.

– Kor les du? 

– Helst i sofaen heime. Vil eigentleg lesa på senga som eg gjorde då eg var lita, men no sovnar eg berre om eg prøver.

Skumle hekser

– Kva bøker vart lesen til deg som liten?

– Mange forskjellige bøker! Både mor og far min las for meg. Men eg husker spesielt godt at pappa og eg las Roald Dahl, at Bittesmåene var så skummel og spennande, og at eg vart vettskremt av Heksene.

Britiske Roald Dahl var ein barndomsfavoritt. Foto: Carl Van Vechten, 1954/Library of Congress/Falle i det fri

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Som så mange andre har gjort før meg, las eg Jens Bjørneboe som ung, og eg vart heilt bergteken. Særleg Frihetens øyeblikk vart veldig viktig for meg. Eg skreiv av lange utdrag i ei notatbok eg hadde, vart veldig inspirert. Det var noko med intensiteten hans, det antiautoritære, og korleis han skildra det å føla seg skjør og åleine i møte med verda, som trefte unge Helene hardt.

Kristin Lavransdatter eller Elskeren

– Kva meiner du gjer ei bok god? 

– Det er det umogleg å svara kort på synest eg! Kanskje umogleg å svara på i det heile teke. Men … for meg er det nok det å oppleva at forfattaren kjenner det hen skriv. At det eg les er ekte, levande, at det skjer, på ein måte. Eg set stor pris på at noko uventa hender i språket, at forfattaren torer å ta vendingar som ikkje er sjølvsagde, at teksta kjennest uføreseieleg, ukjent, medan eg les den. At eg aldri kan føla meg heilt trygg på kva som skal kome.

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive? 

– Oi. Kristin Lavransdatter kanskje. Eller Elskeren av Duras.

Helene Alice Nortvedt skulle ønske ho hadde skrive anten Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset eller Marguerite Duras si Elskeren.

Skandinaviske perler

– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Dette svaret er kanskje litt på sida av spørsmålet, men då eg studerte i Sverige (litterär gestaltning er eit skrivestudium for folk som skriv på norsk (bokmål og nynorsk), svensk og dansk) innsåg eg kor mykje svensk og dansk litteratur eg ikkje har lese! Så eg saknar vel at alle dei tre landa ser meir til kvarandre – både for nyare og eldre litteratur.  

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Oi oi oi. Kan kjenna meg igjen i karakterane i alle gode bøker eg les! Vonde, dumme, lure, snille. Men eg hugsar at eg då eg las Jenny av Sigrid Undset for mange år sidan, vart slege av korleis Jenny verka så kjent.

Bjørneboe til tenårings-Helene

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– For å ta omsyn til tenårings-Helene så må eg vel seia Bjørneboe. Sjølv om eg nok òg i dag hadde blitt veldig nervøs og ikkje hadde ana kva eg skulle sagt eller spurt han om.

Jens Bjørneboe

Jens Bjørneboe i 1952. Foto: Leif Ørnelund – Oslo Museum, CC BY-SA 4.0-lisens

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Heldigvis slepper eg det! Det måtte vore forferdeleg. Noko av det fine med litteraturen er jo at den er mangefasettert. Og at den skrivast frå så mange ulike perspektiv. Nei, eg klarar ikkje å svara på dette, rett og slett.

– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Ragnhild Hilt, om ho framleis levde.


Sara Hjardar debuterte nyleg med si første bok, ein illustrert grøssar for barn. Foto: Story House Egmont

Helene Alice Vestad Nortvedt 

  • Alder: 32 år
  • Frå: Oslo 
  • Utdanning: Bachelor i litteraturvitskap, bachelor i tekst frå Westerdals, master i litterär gestaltning frå Gøteborgs Universitet
  • Yrke: Ved sida av skrivinga, jobbar eg i administrasjonen ved Senter for medisinsk etikk, UiO.