Fann gigantisk padde

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skogvaktarar i ein regnskog i Australia fann ei gigantisk padde.

Det er den største kjende padda som nokon gong er funne, skriv VG.

Padda vog 2,7 kilo. Foto: Miljø- og vitskapsdepartementet i Queensland. Foto: Miljø- og vitskapsdepartementet i Queensland.

Padda var på heile 2,7 kilo, og fekk kallenamnet «Toadzilla», eller «Padzilla» på norsk. Det er eit spel på namnet til det gigantiske fantasimonsteret Godzilla.

Padda vog 2,7 kilo. Foto: Miljø- og vitskapsdepartementet i Queensland. Foto: Miljø- og vitskapsdepartementet i Queensland.

Skogvaktar Kylee Gray seier til den australske TV-stasjonen ABC at dei vart heilt lamslåtte av monsteret. Ho trudde først at padda var falsk.

– Eg kunne ikkje tru det. Eg hadde aldri sett noko så svært. Det såg nesten ut som ein fotball med armar og bein, sa ho.

Padzilla er av arten agapadde, og er truleg hokjønn. Agapadder kan bli opp til 15 år gamle, og skogvoktarane trur Padzilla var litt opp i åra. Men ho vart avliva då dei tok ho inn. Paddene vert nemleg rekna som skadedyr. Kroppen vart donert til Queensland museum.


Illustrasjonsfoto: Tim Umphreys/Unsplash.com