Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde ein veldig stor draum om å bu og jobbe i England for å følgje Manchester United verda rundt.

Då Jon Martin Henriksen var 20 år gamal, levde han livets glade dagar i heimbyen til fotballaget. Rett etter vidaregåande, drog han til England aleine for å vere journalist for Manchester United sin skandinaviske supporterklubb.

– Det var veldig stas, spanande og litt skummelt, fortel han i ein e-post til Framtida.no.

20 år gamle Jon Martin Henriksen intervjuar Ole Gunnar Solskjær. Foto: Privat

Spårtsklubben og Kompani Lauritzen

Fotballinteressa og erfaringa frå Manchester kom nok godt med då Jon Martin Henriksen seinare blei tilsett som Premier League-reporter i England for TV 2.

I dag er Henriksen kjend som programleiar i Spårtsklubben på VGTV. Til våren skal 32-åringen vere med i den fjerde sesongen av Kompani Lauritzen.

Jon Martin Henriksen. Foto: Matti Bernitz/TV 2

– Fordelen er at eg er vand til å mislykkast. Eg får ikkje nokon sjølvtillitsknekk av å ikkje få til ting. Eg trur eg kjem til å takle motgangen greitt. Eg drar inn hit, heilt oppriktig, fordi eg trur eg kan klare det. Eg har sikkert godt av å bli dratt ut av komfortsona, og ha det litt jævlig, sa Henriksen til TV 2 då nyhenda vart kjent.

Oskefast

I år 2010, då Jon Martin Henriksen var 20 år, stod han overfor andre utfordringar som United-journalist. Noko av det han hugsar best frå det året, er den islandske oskeskya som stoppa all flytrafikk.

– På dette tidspunktet var eg heime i Noreg for eit møte og kom meg ikkje tilbake til England. Der hadde eg ein avtale eg måtte rekke, så derfor enda eg med å ta ei alternativ rute tilbake til Storbritannia, minnest han.

– Det var tog, båt, buss og alt anna kollektivt verda har å by på. Eg brukte to dagar på å kome meg til Amsterdam. Då opna flytrafikken igjen, så heile turen var i grunn bortkasta.

Utbrot 17. april 2010. Foto: Árni Friðriksson – Eige verk, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons

Oasis og Radioresepsjonen

Jon Martin Henriksen fortel at han er prega av åra han budde i England.

– Eg høyrde veldig mykje på Oasis og Stone Roses. Det gjer eg framleis. Og så høyrde eg på Radioresepsjonen.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Min bestevenn Sven.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Ja, veldig godt. Eg såg alle av Manchester Uniteds kampar live frå stadion den sesongen i 2009/2010. Men på dagen gjorde den nemnde oskeskya at eg såg United slå City på overtid på ein pub i Sarpsborg. Og så feira eg lenge og vel.

Vegen var klar

Det sterkaste minnet Jon Martin Henriksen har frå å vere 20 år, var at han flytta utanlands, budde aleine, blei sjølvstendig og levde ut det som då var hans største draum.

Han visste nemleg tidleg kva han ville drive med.

– Eg hadde ingen andre ønske enn å jobbe i media. Faren min er journalist og eg byrja i lokalpressa i Sarpsborg då eg var 15. Så vegen var veldig klar for meg.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At denne karen må trene meir, ete mindre hamburgar og klippe håret.

32 år gamle Henriksen hadde råda den 20 år gamle versjonen av seg sjølv til å ikkje stresse over at han ikkje har utdanning.

– Det kjem til å ordne seg. Sjølv om eg ikkje oppmodar andre til å droppe utdanning.


Mads Hansen er aktuell både med ny bok og som ny Farmen-programleiar. Foto: Espen Solli / TV 2
Til høgre: Mads Hansen som 23-åring i 2007. Foto: Privat/Instagram/@mads_hansen11