Redda forlatne løveungar frå Ukraina

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Løveungane har fått namna Taras, Stefania, Lesya og Prada. Dei er mellom fire og fem månader gamle.

Løveungane vart fødde hos oppdrettarar i Ukraina. Det er berekna at det finst 200 løver i private heimar i landet. Løver er ville dyr, og dei lever ikkje godt i fangenskap. Styresmaktene i Ukraina har difor byrja å slå ned på kjøp og sal av eksotiske dyr.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av OGRÓD ZOOLOGICZNY W POZNANIU (@zoopoznan)

Etter at krigen braut ut, har mange vorte tvinga til å flykte frå dyra sine. Velgjerande organisasjonar arbeider for å plassere dyra i dyrereservat i Europa og USA, men mange av desse har vorte fylte opp.

Løveungane vart fødde hos oppdrettarar i Ukraina. Foto: Julia Cumes/IFAW

Dei fire løveungane vart først henta til ein dyrehage i Polen, før dei vart frakta vidare til eit reservat i Minnesota i USA, der dei kan bu livet ut. Reservatet har eit habitat som er spesiallaga for løver. Også ein svart leopardunge vart redda av organisasjonen.

Ulike organisasjonar og einskildpersonar har også engasjert seg for å hjelpe ukrainske kjæledyr ut av landet, til naboland som Polen, Moldova, Ungarn og Romania. Kjæledyra treng gjerne mat, medisinar og vaksinar.


BEDØVA: – Av og til kan det vera utfordrande å vurdere om vi treng å bedøve eit dyr for å undersøkje det, fortel Rolf-Arne. Foto: Dyreparken