Skrive-, foto- og teikneseriekonkurranse: HEIM


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, nettidsskriftet Barnebokkritikk, forlaget Kapabel, jubileumsfirmaet Moster 2024, Magasinett og nettavisa Framtida.no inviterer til skrivekonkurranse for deg under 25 år. 

Tema for konkurransen er heim.

Du kan sjølv velja om du vil senda inn ein meiningstekst (kommentar/essay), skjønnlitterær tekst (novelle/dikt), eitt eller fleire foto eller teikneserie. Det vil verte kåra ein vinnar innanfor kvar av desse sjangrane som mottek ein premie på 1000 kroner

Spørsmål du kan ta utgangspunkt i: 

  • Kva er heime for deg? Kor kjenner du deg mest heime? 
  • Korleis har heimen din forma den du er? 
  • Er du den same ute og heime?
  • Kva skal til for å ha ein trygg heim? Og korleis kan ein sikra at fleire får tilgang på nettopp dette?

Ny innleveringsfrist: 10. april 2023.

Om konkurransen: 

Vinnarane blir annonserte på barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu. Desse kan saman med dei beste beste bidraga bli publisert i ein bokantalogi, som kan bli utgive på Kapabel forlag.

I tillegg vil dei beste meiningstekstane bli publiserte på Framtida.no. Barnebokkritikk.no vil òg publisere utvalde tekstar. Bidraget kan ikkje ha vore publisert i andre medium før.

Personar som er, eller har vore, tilsette i organisasjonane som arrangerer skrivekonkurransen kan ikkje delta.  

Format: Word-fil (pass på å leggje fila som eit vedlegg i e-posten, ikkje berre som ei lenkje), PDF eller JPEG-fil.

Kontaktinfo: Skriv inn namn, alder, heimkommune, e-post-adresse og telefonnummer på botnen av bidraget ditt – så får vi kontakt med deg om du vinn eller vi vil publisera innlegget ditt.

Lengd: Maks 1000 ord, men gjerne kortare!

Premie: 1000 kroner til dei fire vinnarane innafor kvar sjanger. Det blir òg gjeve bokpremiar og berenett til dei beste bidraga som blir plukka ut til å bli publiserte i antologien.

Aldersgrense: Til og med 25 år

Ny innleveringsfrist: 10. april 2023

Målform: Nynorsk

Send bidraget ditt som vedlegg til e-postadressa: skrivekonkurranse (a) framtida.no
Om du har skrive ein tekst, send bidraget som Word-dokument eller PDF-fil. Om du bidreg med foto eller teikneserie, er det lurt å sende som JPEG eller PNG. 

OBS: Hugs å merka teksta med <NAMN>, <ALDER>, <HEIMKOMMUNE> <E-POST-ADRESSE> og <TELEFONNUMMER>.