Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år vert dei morosomaste bileta i verda kåra. Både amatørar og profesjonelle kan delta. Konkurransen vart oppretta både for å underhalde og for å få folk til å engasjere seg mot trugslane som råkar dei same dyra.

«Jumping jack»:

Eit raudt ekorn i ein regnstorm, fotografert i Nederland. Foto: Alex Pansier.

«Eg skal kvele deg»

Leikne marekattar fotograferte i Sør-Afrika. Foto: Emmanuel Do Linh San

Vinnarbiletet: «Ikkje så katte-aktige refleksar»

Her er biletet som stakk av med hovudpremien som det aller beste i årets konkurranse. Det viser ein 3 månader gammal løveunge som skulle klatre ned frå eit tre. Fotografen skriv at løveungen hadde det heilt fint etter at han deisa i bakken.

Løva er fotografert på Serengeti i Tanzania. Foto: Jennifer Hadley

Arrangørane skriv på nettsida si at dei ville opprette ein konkurranse for bilete av ville dyr som var letthjarta, upretensiøs og kunne gjere ein skilnad for dyr og naturen. Dei innsåg at latter var eit unikt effektivt verktøy.

Gjennom latter kan ein engasjere publikum i alle aldrar og frå ulike kulturar med bilete av skapningar som dei kanskje aldri vil kunne sjå på ekte, og som verda kan miste for alltid.

Beste fuglebilete: «Villeiande afrikanske synspunkt 2»

Ei hegre står på ryggen til ein flodhest, medan ein annan flodhest gjespar bak den. Biletet er teke i Kruger nasjonalpark i Sør-Afrika. Foto: Jean-Jacques Alcalay-Marcon

Junior-vinnar: «I C U boy»

Biletet av ugla er teke i Bikaner i India av 15 år gamle Arshdeep Singh. Foto: Arshdeep Singh

«Hei, alle saman»

Fotografen mata denne vaskebjørnen med reker på ei strand i Florida, og fekk ein takk av dyret. Foto: Miroslav Srb.

«Vi tar det på sparken!»

To kenguruar leikeslåst på stranda i Queensland i Australia. Foto: Michael Eastwell

«Ta det med ro, og ikkje mist hovudet!»

To kongepingvinar fotograferte på Falklandsøyene. Foto: Martin Grace

«Her var det trongt!»

Ein ugleunge prøver å skvise seg inn i holet i lag med mora si. Biletet er teke i Florida i USA. Foto: Mark Schocken

«Pegasus, den flygande hesten»

Ein indisk sarus-trane angrip ein nilgau-antilope som hadde nærma seg redet. Sarustranen er den høgaste fuglen i verda som kan fly. Foto: Jagdeep Rajput

«Ape-spa»

Ville apekattar utanfor eit tempel i Kambodsja. Foto: Federica Vinci

«Unnskyld meg … Unnskyld meg!»

Ein andunge vaggar over ei rekke med skjelpadder som låg på ein tømmarstokk i Juanita Bay Park i Washington i USA. Foto: Ryan Sims

Comedy Wildlife Photography Awards (CWPA) vart oppretta i 2015. 10 prosent av inntektene vert donerte til ein organisasjon som jobbar for å ta vare på dyr og natur. I år går pengane til britiske Whitley Naturfond.

CWPA har også nokre tips til korleis ein sjølv kan ta betre vare på naturen. Mellom anna oppmodar dei til å plugge ut elektroniske apparat når ein ikkje brukar dei, kjøpe såpestykke i staden for plastflasker med såpe, ete mindre kjøt og å plante blomar utanfor huset for å hjelpe biene.


Les også: Redda forlatne løveungar frå Ukraina

Foto: Holly-Marie Cato