Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pst! I likskap med Noreg, har mange land fleire mattradisjonar i jula, og dei kan variere frå region til region. Dette er berre eit lite utval av den julematen folk koser seg med i høgtida.

Julegåsa i Tyskland

Julegås, julemat i delar av Tyskland.

Julegås, eller Weihnachtsganse, er ein populær julerett i Tyskland. Foto: Jürgen Howaldt, CC BY-SA 2.0 DE, via Wikimedia Commons

Katolikkar i mellomalderen åt ikkje kjøtt, men fisk i juletida. Då var det fint at gås i visse delar av Tyskland vart tolka som ein type fisk. Han budde trass alt for det meste i vatnet (og smakte mykje betre enn julekarpa, som framleis er ein tradisjon fleire stader i Mellom-Europa).

Andre typar kjøtt er framleis å sjå fleire stader i Tyskland, men mange nyt den festlege julegåsa saman med ein type raspeball som heiter kartoffelklöße.

Juletamalar i Mexico

Tamalar, som er julemat for mange i Mexico og Mellom-Amerika.

Tamalar blir nytt i fleire delar av Mellom-Amerika. Foto: Lawrence Montoya frå Pixabay

Tamalar er ein klassikar over heile Latin-Amerika, men retten har truleg opphavet sitt i Mesoamerika, det vil seie Mexico og Mellom-Amerika, før europearar kom til verdsdelen. Sjølv om det også blir ete i kvardagen, blir det teke ekstra flid med retten rundt jul.

Tamalar er fylte blad, enten frå kokebanan eller maiskolbar, som blir dampa. Fyllet kan vere mykje forskjellig, men både biff og kyllinglår med forskjellige sausar er populært.

Lechon på Filippinane

Lechon, julemat i Filippinane

Pattegrisen lechon blir grilla heil i Filippinane. Foto: whologwhy, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Som med mange andre land har Filippinane fleire forskjellige matrettar på bordet i jula. Det katolske landet tek høgtida på alvor, og etter nattverden på juleftan dekker dei opp med det meste av godsaker.

Likevel er retten lechon noko du truleg vil finne overalt. Dette er ein pattegris, altså ein grisunge som ikkje er ferdig med morsmjølk. Grisen blir gjerne grilla heil over open flamme, til kjøttet blir mørt, og svoren blir sprø.

Injera og krydderrike gryterettar

Koptarane kan dekke opp til både kjøttfylt og vegetarisk mat ved festtider, avhengig av høgtida. Her med eit reint vegetarisk måltid. Foto: Maurice Chédel, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Koptarane i Etiopia og Eritrea feirar jul i januar, ikkje i desember, lik ein del grekarar og russarar. Fram til jula er det faste, og dei som er svært religiøse et ikkje meir enn eitt vegansk måltid om dagen.

Når fasta er over dekker dei opp til skikkeleg fest, med mange forskjellige gryterettar som ein kan gripe med ei injera-lefse.

Den søramerikanske grillfesten asado

Asado, grillfest

Fleire stader i Sør-Amerika er høgtid synonymt med grillfest. Her frå ein asado i Chilé. Foto: Óscar Salgado on Unsplash

I Noreg blir mesteparten av matlaginga gjort inne om vinteren, men nokre stader er det varmt nok til å invitere til grillfest!

I søramerikanske land som Argentina, Chile, Paraguay og Uruguay kan du rekne med å bli servert dei beste kjøttstykka deira i jula, helst frå okse. Så det er berre å håpe på ein invitasjon til ein asado, eller kjøttgrilling.

Den vestafrikanske jollof-risen

Jollof-ris med fritert fisk og kokebanan. Foto: Bukky658, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Jollof-ris er ein obligatorisk del av festmåltid i Vest-Afrika, og er sjølvsagt også ein del av juletradisjonen. Risen er å finne i mange land, og fleire av dei, spesielt Nigeria og Ghana, knivar om kven som har den beste versjonen.

Retten blir typisk laga med ris, tomatar, lauk og krydder som får koke saman med forskjellige grønsaker og eventuelt kjøtt.

Grønlandsk mattak

Mattak, oppskore kvalfett.

Kvalspekket har vore ein dyrebar energikjelde for mange urfolk i Arktis. Foto: Lisa Risager, CC BY-SA 2.0, via Wikimedia Commons

For folk som bur lengst mot nord gjeld det å halde styrka oppe under den mørkaste og kaldaste tida. Mattak, eller kvalfeitt er ein delikatesse og festmat for både personar som bur på Grønland, og andre arktiske urfolk.

Mattak er spekket til kvalen, og kan kome frå grønlandskval, narkval og kvitkval. Feittet blir tradisjonelt ete rått, men kan også steikast eller syltast.

Meghli frå Levanten

Meghli, julemat i Levanten, særleg Libanon

Rispuddingen er populær i fleire land i Levanten, men Libanon er eit av landa med flest kristne. Foto: Ebushnaq, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Rispuddingen Meghli blir laga ved å koke rismjøl, vatn og sukker, som blir smaksett med karve og dryssa med forskjellige nøtter. Det er ein tradisjonell godbit ved fødslar i Levanten, altså området ved den austlege delen av Middelhavet.

Retten er også populær blant kristne i området, spesielt i Libanon, for å feire fødselen til Jesus.

Den greske krigen mellom Kourabiedes og Melomakarona

Kourabiedes er ei smørbasert kake, fylt med mandel og dryssa med melis. Foto: Skyler Ewing via Pexels

Melomakarona er ei kake bakt med olivenolje og sirup eller honning, og dryssa med mandelstrø. Foto: The original uploader was Kalambaki2 at English Wikipedia., CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

I Noreg går debatten mellom pinnekjøtt og ribbe, medan i Hellas har dei ein litt søtare krangel.

Både Melomakarona og Kourabiedes er søte kaker som blir bakt i jula, men kvar grekar har ein favoritt som dei vil forsvare som den beste.

Bonusjul: Kentucky Fried Chicken i Japan

KFC mat.

KFC har etablert seg innan ein spesiell nisje i Japan. Foto: Aleks Dorohovich on Unsplash

Kristendom er ikkje særleg utbreitt i Japan, og jul er difor ikkje noko dei feirar særleg. Likevel er det ei høgtid dei assosierer med vesten, og det har utvikla seg ein eigen mattradisjon i jula.

24. desember sett nemleg millionar av japanarar seg ned med ei bøtte Kentucky Fried Chicken. Folk står i lange køar for å sikre seg den amerikanske maten til ei høgtid dei assosierer med amerikansk underhaldning.


Ein brannmann i nissekostyme klemmar eit barn under utdeling av julegåver til barn med kreft på Copacabana beach i Rio de Janeiro, Brasil. Foto: AP Photo/Leo Correa