Julefeiring verda rundt – i bilete
Jula kjem tidlegare og tidlegare for kvart år som går. Sjølv om størsteparten av verda opnar pakkane første juledag, er det mange som er i gang med delar av feiringa.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her kjem eit lite biletsveip over første del av feiringa, verda over:
Julefeiring i nytt land
Ifølgje FN er det i 2019 70,8 millionar menneske på flukt, anten internt i eige land eller over landegrenser.
Dei største gruppene kjem frå Syria, Palestina, Afghanistan og Sør-Sudan, men også i Sør-Amerika flyktar fleire, flest frå Venezuela og Colombia.

Isabel (21) og hennar sju år gamle dotter ser på juletreet på hotellet dei søv på etter å ha blitt teke imot ved grenseovergangen i Brownsville, Texas. 7-åringen har ein medfødd sjukdom og dei har vorte nekta innreise til USA tre gonger, men tysdag 17. desember fekk dei koma inn. Foto: AP Photo/Veronica G. Cardenas
Jul i Pakistan
Islam er den klart største religionen i Pakistan, men det er også sikhar, kristne, hinduar og animistar i landet.
Landet har trusfridom nedfelt i grunnlova, men strenge blasfemilover legg ein dempar på dette. Eit døme er den kristne fembarnsmora Asia Bibi, som vart dødsdømt for blasfemi i 2010. Dommen vart omgjort i pakistansk høgsterett etter massivt internasjonalt press og Bibi måtte rømma til Canada på grunn av eigen tryggleik.

Julenissen har med seg ein kross til ei førjulssamling i Lahore, Pakistan. Foto: AP Photo/K.M. Chaudary
Jul i Sør-Korea
Sør-Korea er ikkje eit spesielt religiøst land. Over halvparten er ikkje tilknytta nokon religion. I underkant av 30 prosent er kristne, flest av desse protestantisk, difor er jula den desidert største høgtida i landet.

Julenissen og hans sørkoreanske hjelparar går gjennom gatene i hovudstaden Seoul. Foto: AP Photo/Ahn Young-joon
Jul i USA
4. desember vart lysa i julegrana ved Rockefeller senter i New York tende med eit storslagent show. Ei rekkje store artistar deltok på den tradisjonsrike amerikanske førjulsseremonien.

Billy Porter og Idina Menzel, som har stemma til Elsa i Frost opptrer på den tv-sendte tenninga av julegrana ved Rockefeller Center i New York. Foto: Diane Bondareff/AP Images for Tishman Speyer
Amerikanarane elskar jul og feiringa har til og med sett sitt preg på riksrettsbråket kring Donald Trump:

Tysdag 17. desember samla ei gruppe demonstrantar seg ved Wallace F. Bennett Federal Building i Salt Lake City, Utah med ein tydeleg bodskap om at dei meinte president Donald Trump burde stillast for riksrett. Dagen etter stemte representantenes hus for å stilla den amerikanske presidenten for riksrett. Foto: Scott G Winterton/The Deseret News via AP
Dette bilete er teke før Donald Trump vart den tredje amerikanske presidenten gjennom historia som vert stilt for riksrett:

President Donald Trump og førstedame Melania Trump stod for den offisielle julegrantenninga i Washington D.C torsdag 5. desember. Foto: Manuel Balce Ceneta
Jul i Storbritannia
Også i Storbritannia har det vore ei spanande politisk førjulstid med nyval 12. desember. Statsminister Boris Johnson kan smila breitt etter at Dei konservative gjorde eit brakval og sikra seg eit reint fleirtal i det britiske Underhuset.

Storbritannias statsminister Boris Johnson sjarmerte veljarar med å sy med denne festpynta maskina ved John Smedley Mill i Matlock, England, før britane gjekk til valurnene. Foto: (Hannah McKay/Pool via AP)
- Ta quizen: Kva veit du om Boris Johnson?
Og om du ikkje har motteke årets julekort frå Camilla og Charles kan du ta ein kikk her:

Årets julekort frå Storbritannias prins Charles og Camilla, hertuginna av Cornwall, er teken på Cuba av AP-fotograf Ramon Espinosa. Foto: Dominic Lipinski/Pool via AP
Jul i Frankrike
Juleførebuingane i Frankrike har ikkje vore like lystige med massive protestar mot president Emmanuel Macron sine pensjonsreformer.

Ein jernbanearbeidar iført nisselue under ein demonstrasjon i Marseille tysdag 17. desember. Foto: AP Photo/Daniel Cole
Jul i Hongkong
Demonstrantar i Hongkong skriv julekort til dei som sit fengsla for protestane mot kinesiske styresmakter.

Demonstrantar skriv oppløftane ord til dei som har vorte fengsla for saka. Foto: AP Photo/Mark Schiefelbein
Jul på flyplassen i Vilnius
Lat oss håpa at ikkje mange vert sitjande på flyplassen på julaftan, men i Vilnius lokkar dei i det minste fram julestemninga på ein kreativ måte. Dette juletreet er sett saman av konfiskerte gjenstandar:

På flyplassen i Lithauens hovudstad Vilnius har flyplasspersonell vore kreative og laga julepynt av konfiskerte gjenstandar. Neste gong legg du kanskje saksa att heime? Foto: (AP Photo/Mindaugas Kulbis
Jul i Tsjekkia
Ikkje alle juletradisjonar er like vakre. I austlege delar av Tsjekkia har dei ein årleg juleprosesjon der St. Nikolas deler ut godteri til borna, men vesen i djevelmasker skremmer dei. Skulle tru dei blanda saman to høgtider.

St. Nikolas og djevlane poserer under prosesjonen i den tsjekkiske småbyen Valasska Polanka. Foto: AP Photo/Petr David Josek
Jul i Russland
Våre naboar i aust kan å dekorera storslagent. Sjå berre her:

Juledekorasjonar framfor Christ the Savior Cathedral i Moskva. Foto: AP Photo/Alexander Zemlianichenko

Ei Snegurochka (Snøtjenarinne) viser juleleiker i Moscow GUM State Department store. Foto: AP Photo/Pavel Golovkin
- Les også årets juleforteljing: Julenisselua