Fire av ti unge tenåringar får pornoreklame på nett
Nesten fire av ti 13-14-åringar får reklame for porno på nett, ifølgje Medietilsynet. Reklamen kjem ofte frå Google og TikTok.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi forventar at dei globale plattformene set i verk strengare tiltak for å få stansa pornoreklame retta mot barn. I dei fleste tilfelle er reklamen også ulovleg etter norsk lov, seier direktør i Medietilsynet Mari Velsand.
Undersøkinga viser at det er vanlegast å få reklame for porno via ulovlege nettstader for nedlasting eller strøyming av film, musikk og dataspel.
Fire av ti ungdommar mellom 13 og 18 år som har fått pornoreklame, har fått han på denne måten.
Undersøkinga viser også at det er vanleg å få reklamen via Google og TikTok. Mellom anna har andelen pornografisk reklame via TikTok auka med 16 prosentpoeng sidan same undersøking vart gjord for to år sidan.
– Vi meiner slik marknadsføring er uheldig, fordi han kan føre til at mange får førsteinntrykket sitt av seksualitet gjennom porno, seier Velsand.
- Les også: Fryktar feilinformasjon om val på TikTok