Skulepolitisk ønskeliste til jul: «Elevane fortener meir enn fine ord i år»

Alberte Tennøe Bekkhus
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Jula nærmar seg med stormsteg, og snart er nok eit semester over.

Det har vore eit kaotisk skuleår prega av gjeninnføring av fråværsgrensa, eksamen og streik, men også nyheiter som auka bortebuar- og utstyrsstipend.

Her er den skulepolitiske ønskelista vår, for ein rettferdig skule som ser elevane og får ned forskjellane:

Leksefri skule

Lekser gir minimalt med læringsutbytte, rammar sosialt urettferdig og i skulen er det anna som er langt viktigare for elevars prestasjonar. Digermulen skule har betre karakterar, i Trondheim gav leksefri-prosjekt redusert konfliktnivå i familien og i Moss har dei fjerna lekser i grunnskulen mellom anna for å redusera økonomiske forskjellar, sjølv om det er for tidleg å måla effekten det har hatt.

Ein lærer heile dagen, men skule passar best på skulen – derfor har me leksefri skule på ønskelista.

Lovfesta rett til lærlingplass

¼ yrkesfagelevar får ikkje lærlingplass, og får dermed ikkje fullført utdanninga dei har starta på. Når Noregs framtid potensielt har 100 000 for få fagarbeidarar, må varsellampane gå. Då må det offentlege stilla opp i større grad. Både gjennom å ta inn lærlingar i relevante løp, men også gjennom å formidla lærlingar, sikra rett kompetanse, og så vidare.

Kall det lærlinggaranti, kall det lovfesta rett til lærlingplass, kjært barn har mange namn – me har det uansett på ønskelista.

Nei til eksamen

Eksamen er ei utdatert ordning der éin dag i eit tilfeldig fag avgjer framtida di. Om det er ein dårleg dag, kan framtida til eleven vera øydelagd.

Dei færraste gjer det betre, det førebur deg ikkje vidare på arbeidslivet (la oss vera ærlege, dei færraste av oss skal jobba i yrke der me låser oss inne i 4 år framfor ein PC-skjerm der me blir sparka viss me seier eit ord til kollegaene våre!) og det bidreg til meir press i ein allereie stressande kvardag.

Eksamen nei takk!

Fleire folk i skulen

Då lærarstreiken vart møtt med tvungen lønnsnemnd, var det mellom anna fordi ein var bekymra for elevars psykiske helse og for dei elevane som hadde det vanskelegast. Samtidig streika lærarane mellom anna for nettopp retten til å vera lærar, ikkje lærar- psykolog-ungdomsarbeidar-rådgivar.

Me treng fagarbeidarar, helsesjukepleiarar, lærarar, alle saman. Me ønskjer oss fleire yrkesgrupper inn i skulen!

Fråværsgrensa må ut

Det skal stillast krav til elevar, men fråværsgrensa er feil stad å starta. Fråværet har, naturleg nok, gått ned. Samtidig har bruk av sovemedisin og antibiotika gått opp og dei elevane som fekk «Ikkje vurdert» i eitt fag før, får IV i fleire fag no. Samtidig har køane hos fastlegen berre vakse for å få den livsviktige legeerklæringa, under ei fastlegekrise.

Me vil ha gulrot, ikkje pisk, og set «fjern fråværsgrensa» på ønskelista.

Det er mykje med dagens skule som må bli betre. Mellom anna må stipend endå meir opp, lærlingtilskotet må aukast og det bør bli enklare å byta mellom ulike retningar, og å fylla på med ny kompetanse om ein treng eller ønskjer det.

Me trur likevel at dette er fem gode stader å byrja, som hadde gjort skulen langt betre for fleire. Eg trur me alle kan vera samde om at elevane fortener meir enn fine ord i år.