Fleire innanlandsflygingar blir forbodne Frankrike

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU godkjenner no at Frankrike kan forby kortdistanseflygingar innanlands der det finst togalternativ som tar under 2,5 timar.

Franske styresmakter opplyser at tre innanlandsflygingar frå flyplassen Orly i Paris blir forbodne.

Det var NTB som først omtalte saka i Noreg.

Må ha godt nok alternativ

Med klimalova i 2021 føreslo Frankrike å forby kommersielle kortdistanseflygingar innanlands. Etter motstand frå fagforeininga UAF, var dei avhengige av EU-godkjenning, skriv NTB.

No har Frankrike fått tillating frå EU-kommisjonen til å innføre forbod mot innanriksflygingar mellom Orly og Lyon, Nantes og Bordeaux.

I utgangspunktet var det snakk om åtte flygingar, men ikkje alle innfridde krava til EU-kommisjonen. Dei presiserte at det mellom anna må gå tog ofte nok og både tidleg om morgonen og seint på kvelden for at forbodet skal gjelde.

Den franske offisielle administrasjonen skriv at med framtidige utbetringar av togtilbodet, kan dei andre flygingane òg falle under forbodet.

Klimatiltak

Tiltaket er eit ledd i å redusere Frankrike sine CO₂-utslepp. Dei ønskjer òg å få ned bruken av private jetfly.

Flygingane mellom Orly og Nantes, Lyon og Bordeaux utgjorde i 2019 1,1 millionar passasjerar og rundt 4 prosent og av dei reisande innanlands i Frankrike, utanom Korsika og dei oversjøiske territoria. Det viser ein analyse frå Archery Consulting, som nyheitsbyrået AFP og avisa Ouest France refererer til.

Forbodet vil i første omgang vere gyldig i tre år. Etter det må EU-kommisjonen vurdere forbodet på nytt.


Kollasj laga av framtida.no.