Dette googla nordmenn mest i 2022

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit år prega av fleire ulike kriser har fått mange nordmenn til å ta til Google for å finne svar på spørsmåla sine.

– Dette har vore eit uroleg år når det gjeld geopolitikk. Det blir markert i stor grad på lista over topp ti søkjetrendar, seier kommunikasjonssjef i Google Norge, Sondre Ronander, til NTB.

Men trass i kriser og krigføring er det eit spel som tronar øvst på lista over dei mest populære søka i 2022.

– På toppen ser vi ordspelet, «Wordle», som slo gjennom tidleg i vinter. Det har hatt ein tidseffekt og held fram med å vere populært. Det blir sleppt nye ord kvar dag som har fått folk til å søkje igjen og igjen.

Nysgjerrige på krigen

Russlands krigføring i Ukraina har ført til at fleire nye ord har komme inn i den daglege ordbruken. I tillegg har nordmenn vore generelt opptekne av å halde seg oppdatert på krigen. Det blir spegla i søka.

– Ein ser ord som Ukraina, Jodix og Putin på topplista. Det er dyster lesing, og det har vore eit dystert og alvorleg år på mange måtar. Store globale hendingar skaper informasjonsbehov i befolkninga, og ein ser at folk ønskjer å lære meir om viktige ting, seier Ronander.

Sondre Ronander er kommunikasjonssjef i Google Norge. Foto: Fredrik Myhre

Det er ikkje berre krig og elende nordmenn har ønskt å bli klokare på. Netflix-serien om seriemordaren Jeffrey Dahmer og rettssaka mellom Johnny Depp og Amber Heard er også å finne på lista med dei ti mest markante trendane.

Gåtefull høgtid

I kategorien «Topp ti nordmenn» er det kjendisar frå TV2s «Hver gang vi møtes» og NRKs «Maskorama» som tek kvar sin halvdel av kaka, i tillegg til Stig Millehaugen.

– Stig Millehaugen var eit namn som dei færraste kjende til før politiet gjekk breitt ut og etterlyste tips. Det gjekk frå å vere eit namn som få hadde søkt på, til å bli eit som nærast heile Noreg snur seg om og søkjer på. seier Ronander.

Det er slik Google måler trendstatistikken. Ronander seier at det folket flest søkjer på, ikkje endrar seg altfor mykje frå år til år. Lista er ei oversikt over søka med dei mest markante aukande.

To av kategoriane er dominerte av éi særskild høgtid, pinsa.

– Det er ein av heilagdagane ein kanskje ikkje feirar eller kjenner opphavet til like godt. For mange er det kanskje berre ein raud dag, og i år hamna han på eit litt seint tidspunkt. Det kan kanskje ha noko med det å gjere.

Fordelinga ser elles slik ut:

Topp 10 søkjetrendar i Noreg 2022

  1. Wordle
  2. Ukraina
  3. Tv2 Play
  4. Jeffrey Dahmer
  5. Flyr
  6. Jodix
  7. Putin
  8. Bilal
  9. Johnny Depp
  10. Amber Heard

Topp 10 nordmenn

  1. Bilal
  2. Daniel Kvammen
  3. Maj Britt Andersen
  4. Stig Millehaugen
  5. Øystein Greni
  6. Odd Roger Enoksen
  7. Nils Jakob Hoff
  8. Jarle Bernhoft
  9. Mari Maurstad
  10. Arne Treholt

Topp 10 oppskrifter

  1. Kakao
  2. Sveler
  3. Lammecarre
  4. Agurksalat
  5. Ertepuré
  6. Solbærsyltetøy
  7. Margarita
  8. Løksuppe
  9. Lammegryte
  10. Banankake

Topp 10 folk

  1. Putin
  2. Bilal
  3. Johnny Depp
  4. Amber Heard
  5. Daniel Kvammen
  6. Tina Turner
  7. Maj Britt Andersen
  8. Clark Olofsson
  9. Mika
  10. Stig Millehaugen

Kvifor …?

  1. Kvifor feirar vi pinse
  2. Kvifor angrip Russland Ukraina
  3. Kvifor er straumen så dyr
  4. Kvifor streikar lærarane
  5. Kvifor er Taliban i Noreg
  6. Kvifor er ikkje Sverige med i Nato
  7. Kvifor streikar SAS
  8. Kvifor er diesel dyrare enn bensin
  9. Kvifor jod ved atomulykke
  10. Kvifor flaggar vi i dag

Kva er …?

  1. Kva er pinse
  2. Kva er ein oligark
  3. Kva er apekoppar
  4. Kva er EU
  5. Kva er Nato
  6. Kva er Nations League
  7. Kva er min mentale alder
  8. Kva er nærkontakt
  9. Kva er salmonella
  10. Kva er feber

(F.v) Den australske fotballspelaren Josh Cavallo, tidlegare Fifa-president Sepp Blatter og Qatar sin VM-sjef Nasser al-Khater. Foto: Raphael Renter/Unsplash, AP Photo/Keystone/Walter Bieri/File, Dailyausfootball/Wikimedia Commons, Vinod Divakaran, Doha Stadium Plus Qatar/Flickr/CC BY 2.0