Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har ei evne til å analysere mine eigne låtar, svarar AVGTVSTVS på spørsmål om kva han syng i dusjen.

Hans August Pünther frå Ullern i Oslo, står bak det latinispirerte artistnamnet. 26-åringen har uttala at han ber om eit klysestempel, men at det bak dei flate tekstane skjuler seg ei djupne.

– Om eg lagar ein song der det er slik: “Å herregud, det verkar som han glorifiserer materialisme, at han lever sånn følelseslaust og materialistisk og ulykkeleg på ein måte”. Så er det jo sånn “Jammen, det er jo det det er, materialisme”, forklara han i P3X-serien «Abiel intervjuer».

Han har nesten 14 millionar strøymingar og 152.000 månadlege lyttarar på Spotify. For all tid er den mest strøyma låta med over 4,5 millionar strøymingar. Så langt i år har han lagt ut tre låtar: O.G, Godform og Samlet.

Ville tolka Kanye

Om han fekk vere med på «Hver gang vi møtes», ville han delteke med Bjørn Eidsvåg, Kanye West, Drake, Susanne Sundfør og Dua lipa, om han fekk velge fritt.

– Kva for ei av låtane dine drøymer du om å høyre tolka av kva for ein artist?

– Vanskeleg spørsmål har null formeining. Surprise me!!! Hadde sett pris på ei personleg tolking frå alle – uansett skala, skriv han i ein e-post til framtida.no

Sjølv ville han tolka Runaway av Kanye.

Første CD-kjøp

Han fortel at han i dag har om lag same musikksmak som då han var tenåring og skuldar på at han var litt veslevaksen.

– Men det var litt meir house, haha. House er fett då!

Det første albumet han kjøpte sjølv på CD var Get Rich Or Die Trying av 50 cents frå 2003.

Den største konsertopplevinga hans var å sjå Swedish House Mafia saman med fotograf Victor Gelius i Miami.

– Suprise-avslutning! seier han om overraskelses-reunionen på Ultra Music Festivak i 2018.

– Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Jokke <3 Livet og valg…

– Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke?

– Susanne Sundfør på norsk. Prøver å kome i kontakt!!

Sjølv høyrer han naturleg nok mest på rap, men favorittbandet er Pink floyd.

Favorittlåta hans er Unforgivable sinner av Lene Marlin.

Verdas beste kjærleikslåt:

Hjerteknuser – Kaizers Orchestra

Beste treningslåt:

Roses Remix – SAINt JHN, imanbek

Guilty pleasure:

Abba…

ABBA på AVRO’s TopPop i1974. Foto: Beeld & Geluid/wikipedia

Verdas mest undervurderte band/musikar:

Synes faktisk ASAP som ei gruppe burde hatt meir, både ferg og asap.

Kva låt skulle du ynskja du hadde laga?

Eg har ei liggande som må ut, ein reggae-låt med Castrow!

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

Rags to riches – Tony Bennett

Kva låt vil du ha i gravferda di?

We’ll meet again – Vera Lynn med fiolin. Som bestefar <3 saknar han 🙁

Kva låt har du dilla på no?

Jimmy Cooks

…glad: Aint that a kick in the head – Dean Martin

…lei meg: Some die young – Laleh

…sint: Techno!

…treng ein sjølvtillitsboost: drake, hahaha