5 mannlege føredøme å sjå opp til

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mayoo Indiran (t.h) har vore å sjå i TV 2-programmet Sofa. Foto: Espen Solli/TV 2

Mayoo Indiran

Mayoo er eit godt føredøme fordi han er open, ærleg og gir av seg sjølv. Han beskriv seg sjølv som «reflektert og fjern», og i det ligg det at du ikkje behøver å vere ekspert i alt, men finne deg noko du brenn for.


Adam Schjølberg under Oslo Pride i 2020. Foto: Kari Helena Kvandal, Oslo Pride/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Adam Schjølberg

Adam er eit framifrå føredøme, og har særleg vore viktig for mange etter skyteepisoden under Pride i sommar. Gjennom standupshowet sitt «Adam setter skapet på plass» viser han seg sårbar, morosam og kritisk til samfunnet – noko vi treng å få høyre.


Foto: Kim Erlandsen, NRK P3/Flickr/CC BY-NC-SA 2.0

Karsten Blomvik

Karsten deler ope om sjølvmordstankar i YouTube-serien «Føler’n», og bidreg med å sette ord på vanskelege kjensler. Dette gjer han til eit svært godt forbilde.


Pressefoto

Daniel Kvammen

Daniel Kvammen har nettopp gitt ut plata «Absolutt klining», der han i fleire av låtane rettar fokus mot psykisk helse. Låten «Den tyngste turen» og «Einsam i lag» er personlege favorittar.

Daniel har også vore gjest i podkasten «Ta vare – med Hannah og Oskar».


Foto: NFF

 

Morten Thorsby

Morten Thorsby er også eit godt forbilde fordi han brukar stemma si innan fotballen til å sette fokus på klima og dei utfordringar vi står over. Det er kult at ein fotballspelar tek eit slikt standpunkt, og eg trur det kan føre til at fleire unge og eldre fotballinteresserte får auga meir opp for klimakrisa.


Mitt siste og personlege forbilde er pappa. Pappa (Aadne Sandanger) har ikkje berre vore trenar for alle fire sonene på eit og same tidspunkt, han er også ein god samtalepartnar og støttespelar i vanskelege periodar.


Les også: Då eg var 20: Kaveh Rashidi kom inn på bustadmarknaden takka vere finanskrisa

Til venstre er kjendislege Kaveh Rashidi fotografert i 2015. Til høgre er han fotografert i samband med programleiarrolla under årets TV-aksjon på NRK. Foto: Privat/David Dundas, NRK