UD med åtvaringar til nordmenn som reiser til VM i Qatar
Utanriksdepartementet åtvarar nordmenn som reiser til Qatar under fotball-VM om at dei kan bli arresterte om dei utviser «usømmeleg» åtferd.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I ein eigen reiseinformasjon lagt ut på UD si heimeside kjem dei med klare råd og åtvaringar:
«Qatar er eit muslimsk land der islamsk lovgiving (sharia) regulerer dei fleste sider ved samfunn og rettsvesen. Seksuelle relasjonar mellom personar av same kjønn er forbode i Qatar», skriv UD.
«LHBTI-personar som er kjende i offentlegheita risikerer å bli arresterte og sikta også for andre former for lovbrot, eksempelvis åtferd som lokalt vert karakterisert som «usømmeleg», heiter det vidare i reiseråda.
Alkohol og seksuelle relasjonar
UD minner også om at det er forbode å ta med alkohol inn i landet og at alkohol berre må nytast på anviste stader.
Qatarske styresmakter har – trass i strenge lover – sagt at alle besøkjande er velkomne til landet under VM.
I Qatar er det også lover som regulerer seksuelle relasjonar mellom personar som ikkje er gifte. Det er forbode å bu saman med, eller dele hotellrom med, ein person av motsett kjønn dersom ein ikkje er gift eller er i nær relasjon.
«Ein risikerer bot, fengselsstraff og/eller utvising», skriv UD.
UD minner også om at ingen som ikkje allereie har VM-billett, kan reise inn i Qatar før 2. desember.
VM opnar førstkommande søndag og blir avslutta med finalen 18. desember.
- Les også: Slik demonstrerer Danmark mot VM i Qatar