Regnboge-fly frakta det engelske herrelandslaget til Qatar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Virgin-flyet som frakta den engelske landslagstroppen til Qatar-VM heiter Rain Bow, ifølgje engelske The Sun.

Fremst på flyet er ein illustrasjon av ein mann med regnboge-striper på skoa sine, som held Union Jack-flagget.

– Vi står for inkludering, og vi er veldig, veldig opptekne av det. Vi trur det er viktig med tanke på supporterane våre og vi forstår utfordringane dette meisterskapet medfører, sa landslagssjef Gareth Southgate førre veke.

Fleire Twitter-brukarar kommenterer at flyet eigentleg berre er eit vanleg fly med ein liten logo på, og at regnbogefargane ikkje er synlege.

Trassar bøter

Homofili er ulovleg i Qatar, og kan verte straffa med fengsel. Tidlegare i november kalla den qatarske VM-ambassadøren Khalid Salman homofili for «ei psykisk liding».

Meisterskapstildelinga til Qatar har møtt enormt med kritikk, både grunna menneskerettsbrota framandarbeidarar i Qatar har vorte utsette for og fordi homofile er ulovleg.

Tidlegare har Fifa oppmoda deltakarlanda i det komande verdsmeisterskapet om å «fokusere på fotballen». Då den engelske troppen vart annonsert uttalte Southgate at det er høgst usannsynleg at England rettar seg etter dette.

Det er allereie klart at landslagskaptein Harry Kane kjem til å bruke OneLove-kapteinsband med regnboge på – sjølv om det engelske fotballforbundet risikerer bøter frå Fifa. Det same har fleire andre landslag.


Arbeidarar ved Lusail Stadium, eit av stadiona som skal brukast under fotball-VM i Qatar. Foto: AP Photo/Hassan Ammar, File