Brukte julegåver gler som aldri før

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er dei yngste mest positive til å få ei brukt julegåve, skriv FINN i ei pressemelding. I ei ny julegåveundersøking kjem det òg fram at resten av befolkninga blir stadig meir positive til å gi og få noko brukt til jul.

50 prosent er positive til å gi brukte julegåver og 70 prosent er positive til å få, så lenge gåva er noko dei likar, viser undersøkinga.

Det er særleg aldersgruppa 15–29 år som er positive til å få brukte julegåver. Noko overraskande er den eldste målgruppa på 60+ like bak. Det viser seg også at menn landet over er meir positive til å få ei brukt gåve enn kvinner.

Undersøkinga viser at folk er prega av ein endra økonomisk situasjon og over halvparten seier derfor at dei er meir klar over kva dei kjøper i år enn tidlegare år.


Bilete: Kvardagsmat.no, Eva Rinaldi/Wikipedia Commons/CC BY-SA 2.0, Iulian from Bucharest Romania/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0