Miley Cyrus eller unge Mette Frederiksen?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reddit-brukarar samanliknar unge Mette Frederiksen med Miley Cyrus

«Miley Cyrus eller unge Mette Frederiksen» spør ein dansk Reddit-brukar.

Fleire er einige i den slåande likskapen mellom unge Mette Frederiksen og den amerikanske superstjerna Miley Cyrus.

– Kven hugsar ikkje serien der Miley Cyrus hadde eit hemmeleg liv som statsminister? skriv ein brukar.

Brukaren visar til Disney-serien Hannah Montana, som gjorde Miley Cyrus til superstjerne. Her spelte Miley Cyrus rolla som Miley Stewart, ei vanleg jente som levde eit dobbeltliv som popstjerna Hannah Montana.

Likskapen har òg blitt påpeika av fleire Twitter-brukarar tidlegare.

Førre veke hadde danskane Folketingsval. Socialdemokratiet og den sitjande statsministeren, Mette Frederiksen, fekk størst oppslutnad. Socialdemokratiet fekk 27,5 prosent av stemmene.


Mette Frederiksen ved val i Danmark

Statsminister Mette Frederiksen røystar i valet til Folketinget i Hareskovhallen utanfor København på tysdag.
Foto: Johan Nilsson/TT / NTB